Rogaland har fått ny fylkesmann
Magnhild Meltveit Kleppa har tatt fatt på gjerninga som fylkesmann i Rogaland. 1. november tok ho over som staten sin fremste representant i fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.11.2013
Ho har ei lang politisk karriere bak seg, mellom anna fire periodar på Stortinget, statsråd i tre departement, fylkestingsmedlem og lokalpolitikar i Hjelmeland kommune.
Ho var sosialminister frå 1997 til 2000 i Bondevik I-regjeringa, kommunal- og regionalminister 2007 til 2009 og samferdselsminister 2009 til 2012, begge delar i Stoltenberg II-regjeringa.
Kleppa er utdanna lærar og har vore lærar ved fleire skular i Hjelmeland frå 1967 til 1992. Ho byrja på Stortinget i 1993.