Risiko- og sårbarheitsanalyse for Rogaland
FylkesROS Rogaland er no revidert. Fylkesmannen trekk fram klimatilpassing, sikker kraftforsyning, og samordning mellom ulike etatar og nivå som hovudutfordringar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet med FylkesROS er å auke kunnskapen om ulike risikofaktorar i fylket, slik at me blir betre i stand til både å førebyggje og handtere kriser. Fylkesmannen har fokusert på uønska hendingar som enten er kommuneovergripande og/eller at kommunane kan ha vanskeleg for å handtere hendinga aleine. Me har sett på uønska naturhendingar, svikt i kraft- og vassforsyninga, helse, dyrehelse og store ulukker.
Det blir gjort mykje godt arbeid både på lokalt og regionalt nivå med samfunnstryggleik i Rogaland. Me kan likevel bli betre, meir målretta og meir samordna. Ikkje minst kan me bli flinkare til å lære av dei ekstraordinære hendingane som har vore og øvingane som er gjennomførte. I FylkesROS 2013 har Fylkesmannen i kvart kapittel trekt fram utfordringar og tiltak som me meiner me må ta tak i. Tiltaka er i første rekke retta mot kommunar og regionale fagetatar i Rogaland, men me har og bedt sentrale statsetatar følgje opp der det er nødvendig.
FylkesROS blei laga første gong i 2008. Fylkesmannen gjer merksam på at FylkesROS Rogaland 2013 ikkje skal erstatte dei heilskapelege kommunale ROS-analysane eller fagROSane til medlemma i Fylkesberedskapsrådet. FylkesROS er heller meint å vere eit grunnlagsdokument for desse analysane. Me ønskjer at dette skal vere eit levande og nyttig dokument som endrar seg i takt med dei utfordringane fylket står ovafor.