Velkommen til statsborgarseremoni laurdag 14. juni 2014

Fylkesmannen feirar 53 nye statsborgarar på Statens hus. Dei har med seg familie og vener slik at til saman 150 påmelde kjem til seremonien.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.05.2014

Statsborgarseremonien laurdag 14. juni går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne.

53 av dei som fekk norsk statsborgarskap i perioden august 2013 t.o.m. februar 2014, har takka ja til invitasjonen om å delta på seremonien. Dei nye statsborgarane har fått høve til å ta med seg familie og vener, slik at det til saman er ca 150 påmelde.

Fylkesmannen har i tillegg invitert særskilte gjester, m.a. ordførarane i dei kommunane der dei nye statsborgarane bur, innvandrarråda i Stavanger og Sandnes, og politimeistrane i distriktet.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar den meir formelle delen av seremonien. På programmet står m.a. talar, musikkinnslag, felles avlegging av truskapsløfte og overrekking av ei praktbok om Noreg "Velkommen som ny statsborger".

I tillegg til hovudtalar Solveig Horne, får vi ei helsing frå ordførar i Strand kommune, Helge Steinsvåg, og frå leiar av innvandrarrådet i Sandnes, Hamidullah Amiri.

Elevar frå musikklinja ved Stavanger Katedralskule står for musikkinnslaga. Seremonien blir avslutta med enkel servering og sosialt samvær.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter