Kommuneplan for Bjerkreim
Bjerkreim kommune har lagt fram forslag til kommuneplan med både arealdel og samfunnsdel. Gjennom pilotprosjekt for statleg samordning har kommunen fått ei samla oversikt over statlege motsegner og faglege råd. Fylkesmannen sin uttale har både ros og råd til forbetring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bjerkreim kommune har lagt ned mykje arbeid for å få oppdatert kommuneplanen frå 2006. Kommuneplanen sin nye samfunnsdel har gode mål, men det vil bli utfordrande å knyte den til økonomiplanen. Ambisjonen om folkevekst på 4% vil utfordre både kommunen sitt tenestetilbod og økonomiske handlefridom.
Fylkesmannen har alt uttalt seg til eit utkast som var på høyring i 2013. Fleire konfliktfylte arealdisponeringar frå dette utkastet er no løyste. Det står likevel att ein del utfordringar, til dømes å finne eit eigna område nord i kommunen til bruk for handverksindustrien.
Les meir
- Samordna uttale frå statsetatane
- Fylkesmannen sin uttale til kommuneplan for Bjerkreim 2014 - 2026 -samfunnsdel og arealdel.
- Uttale frå Avinor
- Uttale frå Direktoratet for mineralforvaltning
- Uttale frå NVE