Deltek i internasjonal konkurranse
Helsefagarbeidar Marita Puntervoll representerer Norge i Euroskills i Frankrike i oktober. Fylkesmannen støttar deltakinga gjennom Kompetanseløftet 2015 og ønskjer henne lukke til i konkuransen!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Marita Puntervoll er med i rekrutteringspatrulja «Bli helsefagarbeidar» og deltek på yrkesmesser. Ho er ei viktig inspirasjonskjelde for andre.
Ho arbeider som helsefagarbeidar i heimesjukepleia i Eigersund kommune. Då ho vann 2. plass i NM i helsefag i 2012 blei ho spurd om å vere med i EM saman med vinnaren av NM 2012.
Lærlingar i helsearbeidarfaget frå Eigersund kommune har i år som tidlegare år utmerka seg i nasjonale og internasjonale konkuransar. For tredje gong på rad har lærlingar frå Eigersund kommune vunne fylkesmeisterskap i helsefag, og skal delta i NM.
Dei ansvarlege i Eigersund kommunen erfarer at eitt systematisk arbeid har vist igjen både i konkurransar og i talet på søkjarar til faget.