Departementet skjermar store delar av Frøyland
Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar store delar av motsegna som Fylkesmannen fremja i Bybåndet sør i Time kommune. Departementet si endelege avgjerd skjermar landbruksjord på Frøyland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det meste av det omstridde området på Frøyland blir vidareført som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).
Gledeleg avgjerd
Det er gledeleg at store delar av Frøyland blir skjerma for utbygging i lang tid, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Ho meiner også at dette er eit klart signal til kommunane på Jæren, og i resten av Rogaland, om å halda fast på jordvernet, byggja tettare og ta omsyn til noko av den beste matjorda i landet.
– Avgjerda frå KMD tar omsyn til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, matproduksjon og nasjonale jordverninteresser, seier Kleppa.
Skjerma i lang tid
Fylkesmannen i Rogaland ønskte delar av Frøyland-området ut av Bybåndet sør-planen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) støttar Fylkesmannen og Landbruks- og matdepartementet si vurdering av at bustadbehovet førebels kan dekkast utan at ein tar i bruk heile bustadområdet det vart fremja motsegn til.
– Dersom eit framtidig auka bustadbehov tilseier det, og krava i dei statlige planretningslinene er oppfylt, kan området vurderast på nytt mot slutten av planperioden (2040), seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Unik plan
Sandnes, Klepp og Time har laga ein interkommunal plan om å forlenga det samanhengande storbyområdet på Nord-Jæren mot sør. Det er denne planen som går under namnet Bybåndet sør. Planen er unik i norsk samanheng med føremål å utvikla ein ny by på Jæren.
Avgjerda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet finn du høgremargen.