Enklare tilgang til Naturbase
Naturbase formidlar viktig kunnskap til dei som jobbar med arealforvaltning, konsekvensutgreiingar og enkeltsaker. Nå får du enklare tilgang til dei omfattande dataa.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommuneplanleggarar, tiltakshavarar, konsulentar og beslutningstakarar er viktige målgrupper, men Naturbase er også nyttig for mange andre. Her finn du informasjon om mellom anna naturvernområde, viktige naturtypar, artar av nasjonal forvaltningsinteresse og statleg sikra friluftslivsområde.
– Naturbase gir både kommunar, privatpersonar og statsforvaltning ei omfattande innsynsløysing til alle tenkelege naturverdiar, enten det handlar om artar eller naturtypar, seier Per Kristian Austbø, assisterande miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
Informative kart
Dei fleste brukarane forbind Naturbase med kart, sidan dette er ein viktig kanal for formidling av forvaltningsrelevante data frå Miljødirektoratet og andre etatar. Systemet inneheld også programvare for å lasta ned data til bruk i kommunane sine kartløysningar.
I stadig utvikling
Systemet blir regelmessig utvida med data for nye tema, som kartlagde og verdsette friluftslivsområde og naturmangfald. Nye data kjem til fortløpande når nye areal blir kartlagde.
Enkelt søk
I den nye versjonen av Naturbase har Miljødirektoratet utvikla eit nytt, enkelt søk. Her kan du til dømes finna ut kor mange naturvernområde som finst i ein kommune, eller talet på registreringar av ein bestemt naturtype i eit fylke.Trefflista kan sorterast etter dei kriteria du er på jakt etter, og du kan eksportera alle dataa for områda i trefflista.
Temakart Rogaland
Dei viktigaste naturdataa du finn i Naturbase, kan du også få tilgang til gjennom kartportalen Temakart Rogaland. Her kan du sjå naturdata i lag med annan kartfesta informasjon frå fylket, mellom anna plandata.