Barnevernstenesta si bruk av SMS og e-post i enkeltsaker
Barnevernstenesta har ansvar for å passe på personvernet når dei nyttar SMS og e-post i kontakt med barn og foreldre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det slår Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet fast: Spørsmål om barnevernstjenestens bruk av sms og e-post i enkeltsaker
Barnevernstenesta har teieplikt og kan ikkje kommunisere via sosiale media, SMS eller e-post utan å ta omsyn til personvernet. Privatpersonar som sender SMS eller e-post, må informerast om at dei ikkje må sende personsensitive opplysningar på denne måten, og at tenesta ikkje kan bruke desse kanalane til saksbehandling. Det er ikkje sjølve mediet, men informasjonstryggleiken og personvernet som er utfordringa.
Det er viktig at barnevernstenesta, som har ansvaret, har rutinar for korleis dei brukar denne kommunikasjonsforma, om innhaldet skal journalførast som dokument i saka og korleis dette skal gjerast.