Barneverntenesta må fatte vedtak når ein avsluttar ei undersøking
Barnevernstenesta skal alltid dokumentere konklusjonen av ei undersøking i eit enkeltvedtak. Dette gjeld uavhengig av konklusjonen i undersøkinga. Vedtaket skal grunngjevast og kan klagast på.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vedtaket skal innehalde kva arbeid som er gjort i undersøkinga, barnevernstenesta sine vurderingar og konklusjon i saka.
Dersom foreldra ynskjer andre tiltak enn det barnevernstenesta tilbyr, er dette å forstå som eit avslag på tiltak og det skal fattast vedtak. Foreldra har klagerett på vedtaket til Fylkesmannen. Ei klage skal sendast til barnevernstenesta, som skal behandle klaga etter reglane i forvaltningslova kapittel seks.
Ei avgjerd om å leggje vekk ei bekymringsmelding, eller å iverksette ei undersøking er ikkje eit enkeltvedtak og kan ikkje klagast på.