Å førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar.
Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei faglege råda handlar om korleis tilsette og leiarar ved barnevernsinstitusjonar og omsorgssentera kan førebyggje og handtere konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar. Alle institusjonar vert oppfordra å innrette praksisen sin i tråd med tilrådingane, og det er forventa av Fylkesmannen at råda blir implementerte.
Tilrådingane er delt i to grupper:
- Generelle råd som handlar om å førebyggje og føregripe konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar
- Situasjonsavhengige råd om korleis tilsette og leiarar bør handtere konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar
Ungdom og tilsette skal kjenne seg trygge når dei oppheld seg i ein barnevernsinstitusjon. Føremålet med tilrådingane er å peike på forbetringspotensiale og å bevisstgjere tilsette og leiarar om forhold ved det miljøterapeutiske arbeidet som fremjar tryggleik og sikkerheit i institusjonen.