Retten til eit trygt og godt skulemiljø

F.v. Hjalmar Arnø, Lina Bryne Larsen, Elisabeth Ur Fjørtoft, Anne Wilson, Inger Lønning, Lena Kolberg Graves og Lars Wetteland. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland/John Gunnar Skien
Oppdatert 29.07.2024

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, på skulefritidsordninga eller på lekseordninga, skal skulen hjelpa til. Viss du meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpa deg, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen må undersøka det som har skjedd. Undersøkinga skal gje skulen informasjon slik at dei kan setja inn tiltak for å hjelpa deg. Du har rett til å seia kva du meiner og kva du ønskjer at skulen skal gjera. Du kan seia meininga di sjølv eller la andre gjera det for deg. Dei vaksne på skulen skal hjelpa deg slik at du får det trygt og godt på skulen.

Skulen skal alltid laga ein skriftleg plan med tiltaka som viser korleis dei skal hjelpa deg. Du har rett til å seia kva du meiner om planen, og du har rett til å få planen frå skulen.

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Rektor må kjenna til korleis du opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar på å gjera deg trygg på at skulen skal hjelpa deg. Viss du etter dei fem arbeidsdagane ikkje er trygg på at skulen klarer å hjelpa deg, kan du melda frå til oss hos Statsforvaltaren i Rogaland. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hos Statsforvaltaren skal først finna ut om skulen har gjort jobben sin for at du skal få det trygt og godt på skulen. Dersom me ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan me bestemma kva skulen skal gjera for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Er du elev eller føresett og ønskjer å melde frå om utrygt skulemiljø? Då ber vi deg ta kontakt ved å bruke anten raud eller oransje meldeknapp. Viss du brukar den oransje meldeknappen, må du logge inn med ein elektronisk identitet (eID). Med ein sikker eID er personleg informasjon trygg på nettet og det er vanskeleg for andre å late som at dei er deg i digitale tenester.


Publisert 09.08.2024

Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Eit nytt skoleår står for døra, og Statsforvaltaren vil igjen rette søkelyset på skolemiljø. Å skape eit trygt og godt skolemiljø for kvar enkel elev er ei sentral oppgåve for skoleeigar, skoleleiarar og alle som arbeider på skolen. 


Publisert 05.03.2024

Skulemiljøsaker hos Statsforvaltaren i 2023

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø, og for å ivareta denne retten har skulane ei aktivitetsplikt. Elevar og føresette kan melde ifrå til Statsforvaltaren dersom dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at eleven skal få det trygt og godt. I 2023 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 212 meldingar om dette. 


Publisert 13.02.2024, Sist endret 13.02.2024

Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen.  Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.


Publisert 07.06.2023

Omsynet til eleven sitt beste

I arbeidet med å gi ein elev eit trygt og godt skolemiljø er vurderinga av eleven sitt beste både ein rettigheit, eit generelt prinsipp og ein saksbehandlingsregel. I denne artikkelen viser vi til ressursar som kan vere til hjelp for skolane når dei skal vurdere, vekte og vise eleven sitt beste.