Fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk

Elevar i vidaregåande opplæring i studieførebuande utdanningsprogram som er hardt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre vanskar som gir likearta konsekvensar i språkfaget, kan søkje om fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk.

Publisert 04.10.2024

Lovheimel for dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk er opplæringsforskrifta § 9-22 og privatskoleforskrifta § 6-22. Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak. Dispensasjonen gjeld ikkje for faget engelsk.

Kva inneber dispensasjon

Ein dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk inneber:

  • Dispensasjonen gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering, og eleven skal ikkje vere med i eksamenstrekket for framandspråk.
  • Eleven gjennomføre all opplæring i faget, i tillegg til halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.
  • Om eleven har fått standpunktkarakter i faget, skal skuleeigar stryka denne.
  • Om eksamen i faget er gjennomført før dispensasjonen vert innvilga, skal eksamen annullerast. Då må eleven søkje Statsforvaltaren i Rogaland om dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar på vitnemålet.
  • På vitnemålet skal skulen føre FAM02 (fritatt frå vurdering med karakter).

For å få innvilga dispensasjon, må desse vilkåra vere oppfylt

  • Personen er eller har vært, elev i videregående opplæring – studieforberedende utdanningsprogram
  • Personen er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
  • Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var, tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.

Kva betyr individuell tilrettelegging?

Individuell tilrettelegging betyr at skolen skal ha prøvd ut ulike tiltak for eleven i faget. Ein elev med store behov kan ha rett til individuell tilrettelegging jf. Opplæringsloven §§ 11-4, 11-5 og/eller 11-6.

Det kan betyr at eleven har/har hatt:

  • vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring i framandspråk frå ungdomsskolen og/eller vidaregåande opplæring, fordi du er så sterkt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre dokumenterte vanskar, som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i framandspråk.
  • ei uttale frå sakkunnig om at det er openbart at individuelt tilrettelagt opplæring i framandspråk ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa, fordi eleven er så sterkt ramma av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller andre dokumenterte vanskar, som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar.

Kva inneber uttale frå sakkunnig?

Eleven sine vanskar må være dokumentert. Det inneber at dei må være greia ut om av en sakkyndig som fastslår vanskane. For dysleksi og spesifikke språkvanske vil den sakkunnige ofte være PPT, men det kan også være Statped eller andre, med kompetanse på eleven sine  utfordringar. Det er PPT for vidaregåande som kan vurdere rett eller ikkje rett til individuelt tilrettelagt opplæring i vidaregåande skole.

Kva sakkunnig instans som fastslår andre dokumenterte vanskar, vil avhenge av kva slags vanskar det er snakk om. I forarbeida står: Hvilke dokumenterte vansker som omfattes, beror på en konkret vurdering av hvordan vanskene virker inn på den enkelte i språkfaget. Det er ikke ment at alle typer vansker skal kunne omfattes, og derfor er det presisert at vanskene må ligge nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvansker når det gjelder hvilke konsekvenser vanskene gir i språkfag.Det er ikke ment at alle typer vansker skal kunne omfattes, og derfor er det presisert at vanskene må ligge nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvansker, når det gjelder hvilke konsekvenser vanskene gir i språkfag. 

Krav til dokumentasjon i søknaden

  • Stadfesting frå skulen om at elev er eller har vært, elev i studieførebuande utdanningsprogram ved skolen.
  • Dokumentasjon frå skolen om tilrettelegginga eleven har fått.
  • Sakkunnig vurdering frå PPT eller andre sakkunnige om at du har dysleksi, spesifikke språkvanskar eller anna som gir likearta konsekvensar i språkfaget, og graden av desse vanskane.
  • Vedtak/fråsegn om individuelt tilrettelagt opplæring i framandspråk, eller ei uttale frå sakkunnige om at det er openbart at tiltak gjennom individuelt tilrettelagt opplæring i framandspråk ikkje vil føre til at du får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa.

Eleven søkjer sjølv til Statsforvaltaren om dispensasjon.

Utdanningsdirektoratet er klageinstans.

Du kan lese meir her:

Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring | udir.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.