Heile 1 000 skal feira norsk statsborgarskap
348 nye statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 16. juni. Den høgtidelege statsborgarseremonien har aldri vore større.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Fylkesmannen i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.
Ein høgtideleg festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Det blir helsingstalar ved ordførar i Karmøy, Jarle Nilsen og Tarana Sadikhova, nestleiar i Stavanger innvandrerråd. Tre representantar frå Høyland ungdomsskole i Sandnes er årets hovudtalarar.
21 kommunar i Rogaland er representerte i år
Dei rundt 350 festklare statsborgarane bur i 21 kommunar i Rogaland. Dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det rundt 1 000 festdeltakarar i Kuppelhallen. Dette er rekordmange.
Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar stiller også.
Tid/stad
Laurdag 16. juni 2018 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler deltakarane seg på dei 21 kommunane
| Kommune | Deltakarar |
| Bjerkreim | 2 |
| Eigersund | 10 |
| Finnøy | 2 |
| Forsand | 3 |
| Gjesdal | 7 |
| Haugesund | 15 |
| Hjelmeland | 3 |
| Hå | 10 |
| Karmøy | 24 |
| Klepp | 8 |
| Lund | 1 |
| Randaberg | 8 |
| Rennesøy | 3 |
| Sandnes | 73 |
| Sauda | 4 |
| Sola | 24 |
| Stavanger | 138 |
| Strand | 8 |
| Time | 5 |
| Tysvær | 9 |
| Vindafjord | 3 |