Nytt e-læringskurs om tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

God sakshandsaming er viktig for at dei som treng kommunale helse- og omsorgstenester skal få riktige tenester.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.03.2017

Brukarar og pårørande er ofte i krevjande situasjoner, og det er viktig at dei får gode og riktige tenester. Helsedirektoratet har tidlegare gitt ut ein rettleiar for slik sakshandsaming som gir ein praktisk innføring i reglane som gjeld på feltet. No har dei òg laga eit e-læringskurs, «Veilederen på 1-2-3», som skal føre til at tilsette drøftar problemstillingar og reflekterer over eigen praksis. Kurset tar for seg ulike tema, som til dømes hjelp på rett nivå til rett tid og samarbeid på tvers.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.