Rapportering om kvalifiseringsprogram, aktivitetsplikt og digitalisering av dei sosiale tenestene i NAV

Fylkesmannen ber om opplysningar frå NAV-kontora i Rogaland innan 15. januar 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.12.2020

Vi ber om opplysningar om kvalifiseringsprogrammet, vilkår om aktivitet for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år, og korleis digitalisering har påverka tilgjenge og kvalitet på dei sosiale tenestene for 2020. Informasjonen vil mellom anna inngå i vår årsrapportering til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Skjemaet bør fyllast ut av NAV-leiar eller NAV-tilsett med delegert mynde.

 

Praktisk informasjon

Lenke til det elektroniske skjemaet finn de under fana «Lenkjer».

Dette er eit nasjonalt skjema. Når de på første side i skjemaet legg inn NAV-kontoret sitt postnummer, vil tilhøyrande fylkesmannsembete automatisk kome opp som mottakar av svara.

Oversikt over spørsmåla vi ønskjer svar på ligg under fana «Dokument».

 

Vi ber om svar seinast innan 15. januar 2021.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.