Nytt nettkurs kan hjelpe kommunane med likestilling og mangfald

Illustrasjonsbilete frå forsida til nettkurset

Bufdir og KS har laga eit nytt e-læringskurs som skal gjere det enklare for kommunar å jobbe med likestilling, mangfald og menneskerettar.

Publisert 18.07.2025

Kurset er laga for tilsette i kommunar og offentleg sektor som har ansvar for å følgje opp eller koordinere arbeidet med desse tema. Det gir konkrete døme og verktøy som viser korleis ein kan jobbe på tvers av fagområde og sektorar.

Kurset ligg åpent for alle på Bufdir, bla til det kurset som ligg heilt nederst: E-læringskurs om oppfølging og koordinering av arbeid med likestilling, mangfold og menneskerettigheter

Kvifor er dette viktig?

Kommunar og offentlege verksemder er lovpålagde å jobbe med likestilling, menneskerettar og mot diskriminering. Dette kurset gir:

  • Praktiske døme frå kommunar som har lukkast
  • Verktøy som gjer det lettare å gå frå gode intensjonar til handling

Når kommunar jobbar systematisk med likestilling og mangfald, får det fleire positive effektar:

  • Betre tenester: Tenester som tek omsyn til mangfald og menneskerettar treff betre og er meir tilpassa innbyggjarane.

  • Økonomisk gevinst: Effektive tenester gir færre klager, mindre feil og lågare risiko for diskriminering.

  • Sosial berekraft: Eit inkluderande lokalsamfunn der fleire får like moglegheiter.

  • Godt arbeidsmiljø: Mangfald på arbeidsplassen gir betre trivsel og gjer det lettare å rekruttere og halde på tilsette.

Mange kommunar er godt i gang

Over 2000 personar har teke introduksjonskursa så langt. I Rogaland har mellom anna desse kommunane teke i bruk kursa:

  • Stavanger
  • Sandnes
  • Sola
  • Gjesdal
  • Sokndal
  • Vindafjord

Kurset er utvikla av Bufdir og KS, med fagleg hjelp frå Likestillingssenteret KUN, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillings- og diskrimineringsombudet og KS-konsulent. Kommunar og fylkeskommunar har vore med og testa kurset.

Bygd på tidlegare kurs

Dette kurset byggjer vidare på tidlegare introduksjonskurs frå Bufdir om:

  • Likestilling, inkludering og mangfald
  • FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne

Desse kursa blei lansert for eitt år sidan. Du finn alle kursa via lenkja i sidemenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.