Søknad om løyve til utslepp frå varmforsinking av metall i Hå kommune

Høringsfrist:
2. august 2021

NOT Varmforzinking AS på Nærbø har søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av varmforsinking av metall på eigedomen gnr. 25 bnr. 109 i Hå kommune.

Publisert 16.06.2021

Frist for uttale er sett til 2. august 2021. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn i dokumentlenkene til denne saka.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til sfro@statsforvalteren.no eller som brev til Statsforvalteren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.