Forslag om vern av fem skogområde i Rogaland
- Høringsfrist:
- 15. mai 2024
I tråd med naturmangfoldlova § 43 blir nå forslag om vern av fem skogområde sendt på offentleg høyring. Alle kan komme med merknadar innan 15. mai 2024.
Verneforslaget omfattar tre nye naturreservat og utviding av to eksisterande naturreservat i Rogaland. Områda er tilbudd for vern av skogeigarane sjølve gjennom ordninga med frivillig vern av skog. Aktuell verneform er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37.
Tre nye skogområde blir foreslått verna:
- Ulvaskog, Strand kommune, ca. 3938 daa
- Honganvik, Sauda kommune, ca. 2087 daa
- Griggelia, Sandnes kommune, ca. 1155 daa
To naturreservat blir foreslått utvida:
- Hylsskaret, Suldal kommune, utviding ca. 414 daa. Nytt areal totalt ca. 12 127 daa.
- Ragstjørna, Gjesdal kommune, utviding ca. 104 daa. Nytt areal totalt ca. 650 daa.
Formålet med vernet
Skogvern skal medverka til at nasjonal målsetnad for natur blir oppnådd, med andre ord, at ingen artar eller naturtypar blir utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar.
Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved.
Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø blir sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald.
Stortinget sette i 2016 som mål å verna 10% av skogarealet. Målet om eit representativt vern er forankra i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet (Meld. St.14, 2015-2016) og gjeld vern av artar, naturtypar, økosystem og landskap. Per 31.12.2023 er 5,3% av all skog i Noreg verna (Landsskogtakseringen 2017-2021, NIBIO rapport 2023).
Områda i høyringa omfattar blant anna rik edellauvskog, boreonemoral regnskog, gammal furuskog og gammal eikeskog, fuktige skogar av furu og flaummarkskog med svartor. Skogen er gjennomgåande eldre og har lite menneskelege inngrep. Fleire av verneforslaga har eit rikt biologisk mangfald med mange sjeldne og sårbare arter og raudlista naturtypar.
Høyringsdokumenta og nærare informasjon om områda
I dokumentlenkene til denne nettsaka ligg lenker til verneforslaga:
- Høyringsbrev som er eit oversendingsbrev med nyttig informasjon
- Høyringsdokumentet har utfyllande informasjon om områda, blant anna storleik, kva for verneverdiar som finst, og ein gjennomgang av dei innspela me fekk etter oppstartsmeldinga
- Kart med framlegg til vernegrenser og verneforskrifter som viser kva reglar som blir foreslått for dei enkelte områda
- Mottakarlista viser kven som skal ha fått høyringa tilsendt direkte. Du kan koma med merknadar sjølv om du ikkje står på adresselista
- Rapportar frå naturfaglege kartleggingar
I dokumentlenkene finn du lenker til informasjon me brukar i skogvernarbeidet. Informasjon om frivillig skogvern. Naturbase er kart over ulike kartlagde naturverdiar.
Skoganalyserapportar er ein ny type rapport som blir utarbeidd når eit område er kartlagt etter ny metode ved bruk av Instruks for naturfaglege registreringar i skogvernarbeidet (Miljødirektoratet 2022). Her kan du lese om kva som inngår i rapportane og korleis me vurderer om skog er verneverdig.
I tillegg til skoganalyserapportar er også kunnskap frå andre og eldre kartleggingar viktige, slike rapportar kan mellom anna finnast på nettsidene Naturbase og skogdatabasen NARIN.
For Ulvaskog har me vurdert at kartleggingar av naturtypar etter Miljødirektoratets instruks for terrestrisk kartlegging i 2022 er tilstrekkeleg kunnskap for å avgjerda at naturverdiane er store nok til å tilrå vern, informasjon om naturverdiane kan du finne i Naturbase.
Ragstjørna er vurdert på grunnlag av Statsforvaltaren sine eigne synfaringar og Griggelia er kartlagt etter ein eldre metode.
Merknadar
Eventuelle merknadar eller fråsegn kan sendast med brev eller e-post til Statsforvaltaren i Rogaland. Hugs å merke sendinga med saksnummer 2023/13230, og namn på området merknaden gjeld.
Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger
E-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no
Frist for uttale er 15. mai 2024.
Høyringa vil også bli kunngjort i Stavanger Aftenblad og Norsk lysingsblad.
- Høringsfrist:
- 15. mai 2024
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
Naturfaglege rapportar:
Ulvaskog - skoganalyse
Honganvik - skoganalyse
Griggelia - naturfagleg rapport
Griggelia - skoganalyse
Hylsskaret - naturfagleg rapport