Biovind AS søkjer om løyve til etablering av biogassanlegg i Ølen

Høyringsfrist:
23. mai 2025

Biovind AS søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om løyve etter forureiningslova til nytt biogassanlegg i Ølen, Vindafjord kommune. Du kan kome med merknader til søknaden innan 23.05.2025.

Publisert 10.04.2025

Biogassanlegget skal handtere husdyrgjødsel og organisk avfall

Biovind AS planlegg for mottak og behandling av 226 000 tonn per år av følgande typar gjødsel og organisk avfall, også omtalt som substrat:

  •           188 000 tonn husdyrgjødsel (storfe, svin og kylling).
  •           10 000 tonn fiskeslam og 2 000 tonn fiskeensilasje.
  •           13 500 tonn slakteriavfall (blod, mage/tarm, fett/protein).
  •           10 000 tonn matavfall frå stor- og småhushaldningar.
  •           2 5000 tonn kassert kraftfôr.

I søknaden skriv Biovind at dei forventar ein gradvis opptrapping av mengde og typar substrat.

Matavfall vil krevje eit eige forbehandlingstrinn for å fjerne emballasje/plast. 

Biogass og biorest

Biogass vil føres vidare til oppgraderingsanlegg for å produsera flytande biometan og CO2. Forventa årleg energiproduksjon er 109 GWh.

Det vil også bli eit restgjødselprodukt frå biogassprosessen, denne bioresten vert hygienisert og delt i flytande og fast fraksjon. Biovind AS planlegg at bioresten skal brukast til gjødsel i landbruket, og at det kan utviklast produkt av bioresten som kan brukast andre stader. 

Lukt

Ein kan rekna med noko lukt frå anlegg som handterer organisk avfall og gjødsel. Biovind planlegg å reinsa lukta frå anlegget gjennom luktreinsetrinn. Mottak, lasting og lossing skal ta stad innandørs. Det er utført luktspreiingsberekning og ein luktrisikoanalyse som er vedlagt søknaden. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfropost@statsforvalteren.no, eller Stasforvaltaren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.

Frist for gje fråsegn er 23.05.2025.  Merk saka med referanse: 2024/14056.

Alle fråsegn vert registrerte i vår postjournal.