Q-Meieriene AS avd. Jæren Gårdsmeieri søkjer om revidert løyve etter forureiningslova

Høyringsfrist:
6. juni 2025 23:59

Q-Meieriene AS avd. Jæren Gårdsmeieri (Q-Meieriet) søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om revidert løyve etter forureiningslova. Du kan kome med merknader til søknaden innan 06.06.2025.

Publisert 24.04.2025

Q-Meieriet søkjer om å auke kapasiteten for mottak av mjølk til inntil 150 millionar liter per år, med tilsvarande produksjon av mjølkeprodukt. Det er planlagt ei gradvis opptrapping fram mot 2033. Dei planlegg kontinuerleg drift, alle dagar i året, noko som er ei utviding frå gjeldande løyve. I samband med dette søkjer Q-Meieriet og om å auke mengda av avløpsvatn som blir sleppt på det kommunale avløpsnettet.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfropost@statsforvalteren.no, eller Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.

Frist for gje fråsegn er 06.06.2025.  Merk saka med referanse: 2024/10973.

Alle fråsegn vert registrerte i vår postjournal.