Etablerer Digi Rogaland: Unik digital satsing i rogalandskommunane
Det er dårleg ressursbruk å sitja kvar for seg og laga digitale tenester til innbyggarane. Nå går alle kommunane i fylket saman om å utvikla gode verktøy og tenester gjennom fellesprosjektet Digi Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I dag blei avtalen signert under det årlege kontaktmøtet mellom KS Rogaland, kommunane og Fylkesmannen i Rogaland. Ambisjonen til Digi Rogaland er at innbyggarane skal få dei same digitale tenestene, uavhengig av kor dei bur. Rogaland er det første fylket i landet der alle kommunane går saman i eit slikt samarbeid. Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS Rogaland deltar også i prosjektet.
Alle treng ikkje å finna opp hjulet
Gjennom Digi Rogaland skal kommunane samarbeida om å utvikla nye digitale tenester, men like viktig er det å syta for at kompetansenivået er høgt nok over alt. Implementering av nasjonale prosjekt og utvikling av nye tenester, som heile landet kan nytta seg av, er ei klar målsetting. Hå-rådmann Anne Berit Berge Ims er trygg på at rogalendingane skal få nyta godt av dette prosjektet.
– Digi Rogaland bidrar til at me løfter endå meir i lag, til det beste for innbyggarane i heile Rogaland, seier Hå-rådmannen.
Er i gang med fleire prosjekt
Så langt er Digi Rogaland i gang med to nasjonale prosjekt – og jobbar med kvalifisering av fleire regionale prosjekt.
- Den kommunale helsetenesta: Senda og motta meldingar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå avtalar om heimebesøk og avbestilla besøk m.m.
- Digital søknadsløysing for sosialtenester.
Alle bidrar
Kvar av kommunane bidrar med 150 000 kroner i prosjektet i 2019. I tillegg betaler kommunen fem kroner per innbyggar. Fylkesmannen i Rogaland har støtta Digi Rogaland med tre millionar kroner.