Framleis svakare skattevekst enn landet
Skatteinngangen tok seg litt opp i juli, men veksten er framleis svakare enn prognosen i revidert nasjonalbudsjett i mai, og svakare i fylket enn i landet.
Ved utgangen av juli er det ein vekst på 2,5 % i høve til same tidsrom i fjor, mot 4,1% for landet. Kommunevise tal:
Skatteinngang t.o.m. juli |
|||
(vekst i % frå året før) |
|||
2013 |
2014 |
2015 |
|
Eigersund |
14,6 |
5,6 |
0,4 |
Sandnes |
11,1 |
4,8 |
2,4 |
Stavanger |
9,9 |
-0,2 |
0,6 |
Haugesund |
10,7 |
1,5 |
2,1 |
Sokndal |
12,2 |
-2,9 |
0,6 |
Lund |
4,6 |
0,0 |
3,4 |
Bjerkreim |
10,7 |
0,5 |
4,3 |
Hå |
9,0 |
4,4 |
2,5 |
Klepp |
12,5 |
1,1 |
2,5 |
Time |
14,3 |
3,8 |
2,2 |
Gjesdal |
9,3 |
6,7 |
1,0 |
Sola |
11,8 |
4,3 |
8,4 |
Randaberg |
12,0 |
2,9 |
0,4 |
Forsand |
-3,2 |
7,2 |
1,9 |
Strand |
11,3 |
4,5 |
0,6 |
Hjelmeland |
4,6 |
2,9 |
1,8 |
Suldal |
2,2 |
0,1 |
0,4 |
Sauda |
4,8 |
2,6 |
71,4 |
Finnøy |
9,2 |
7,4 |
-2,2 |
Rennesøy |
15,4 |
4,4 |
1,7 |
Kvitsøy |
12,1 |
2,7 |
3,9 |
Bokn |
1,7 |
4,2 |
0,8 |
Tysvær |
6,8 |
2,1 |
2,5 |
Karmøy |
9,7 |
3,0 |
2,0 |
Utsira |
6,2 |
5,9 |
-5,6 |
Vindafjord |
25,2 |
-17,5 |
0,6 |
Rogaland |
10,6 |
1,9 |
2,5 |
Rogaland u. Stvgr. |
11,0 |
3,0 |
3,5 |
Landet |
7,2 |
2,1 |
4,1 |
Inngangen i Stavanger dreg ned, men også kommunane samla utanom Stavanger ligg under landet.
Sauda har fått ein unormal vekst som følgje av at bortimot 50 mill. kr i selskapsskatt, som er ein rein statsskatt, er feilfordelt av Skattedirektoratet. Dette vil bli tilbakeført seinare. Held ein Sauda utanom er skatteveksten i fylket berre 1,8 %, noko som er svakast av fylka i landet. Rogaland er også det einaste fylket som har nedgang i samla skatteinngang (inkl. statsskatt osv.) med ein reduksjon på 6,9 %, mot ein vekst på 1,9 % for fastlands-Noreg.