Nytt inntektssystem – viktig for kommunane si framtid
I dag har regjeringa lagt fram høyringsforslag til nytt inntektssystem for kommunane. Det ligg til grunn at det nye inntektssystemet skal vere meir målretta for å gjere kommunane rusta til å møte utfordringane i framtida.
Det har vore varsla at regjeringa vil ta ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet til kommunane, og at dette blir sett i samanheng med kommunereforma. Det er lagt opp til å presentere eit nytt inntektssystem for kommunane i kommuneproposisjonen for 2017, med verknad frå 1. januar 2017.
Ikkje same utteljing for kommunar som frivillig er små
I framlegget er det lagt opp til at kommunar som frivillig vel å vere små, ikkje får like stort basistilskott som i dag. Der er lagt opp til å gjere inntektssystemet meir nøytralt, og småkommunetilskotet blir målretta mot kommunar som faktisk har distriktsutfordringar.
Frist for å kome med innspel er 1. mars 2016
I høyringsbrevet er det opplyst at det er høve til å kome med innspel til dei enkelte punkta, og med generelle synspunkt. Fylkesmannen vil rå kommunane, og andre aktuelle, til å engasjere seg i denne viktige saka.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13