Fordeling av 50 millionar i ekstra skjønnstilskot på grunn av covid-19

Statsforvaltaren i Rogaland har fordelt 50 millionar kroner i ekstra skjønnstilskot til kommunar i Rogaland som har hatt høge meirutgifter til smittevern og TISK i løpet av første halvår 2021. Fordelinga er gjort på grunnlag av innrapporterte meirutgifter og faktiske smittetal.

Publisert 24.06.2021

Skjønnstilskotet er fordelt til kommunane i Rogaland slik det kjem fram av tabellen under: 

Kommunenr

Kommune

Fordeling

1101

Eigersund

1 100 000

1103

Stavanger

18 000 000

1106

Haugesund

6 500 000

1108

Sandnes

5 000 000

1111

Sokndal

600 000

1112

Lund

            0

1114

Bjerkreim

     0

1119

1 400 000

1120

Klepp

1 500 000

1121

Time

1 200 000

1122

Gjesdal

800 000

1124

Sola

2 900 000

1127

Randaberg

1 300 000

1130

Strand

1 100 000

1133

Hjelmeland

            0

1134

Suldal

            0

1135

Sauda

              0

1144

Kvitsøy

              0

1145

Bokn

              0

1146

Tysvær

1 400 000

1149

Karmøy

6 500 000

1151

Utsira

               0

1160

Vindafjord

700 000

 

SUM

50 000 000

 

Om fordelinga

I samsvar med retningslinjer gitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet er fordelinga av skjønnstilskotet retta mot dei kommunane med dei høgaste meirutgiftene grunna smittevern og oppfølging av TISK-strategien.

Statsforvaltaren har langt på veg gjort ei fordeling av dei ekstra skjønnsmidlane basert på rapporteringa som kommunane i Rogaland gjorde i mars og juni 2021. I rapportane ser vi at innrapporterte kostnader i forhold til smittetal varierer stort mellom kommunane. Dette skuldast til dels at kommunane har valt ulike strategiar for smittevern, og i kor stor grad dei skal forebygge smitte. Det skuldast også at kommunane har ulike måtar å organisere seg på, og ulike måtar å registrere kostnadene på. Fleire kommunar har meldt frå om at det er krevjande å sortera ut kva kostnader som gjelder smittevern og TISK, og kva som er andre meirkostnader som følgje av pandemien. Kostnader til vaksinering er heldt utanfor, da dette skal bli kompensert gjennom rammeoverføringar.

Statsforvaltaren har derfor valt å bruke eit meir objektivt kriterium i fordelinga av skjønnstilskot, i tillegg til innrapporterte kostnader. Omtrent halvparten av tildelinga er gjort ut frå tal på smitta i kommunane i første halvår 2021. Kommunar med få eller ingen smitta har ikkje fått tilskot, med mindre dei har peikt på særskilde forhold som vi har valt å vektlegge ved fordelinga.

Det ekstra skjønnstilskotet kommer i tillegg til pengar som allereie er fordelt til kommunane på grunn av pandemien for 1. halvår 2021 gjennom innbyggjartilskotet. Kommunane har også fått midlar til kontrolltiltak med smittevern.

Midlane vil bli overført til kommunane tidleg i juli, og skal gå til å dekke utgifter til smittevern og TISK-strategien i første halvår 2021.

Ekstra skjønnstilskot for andre halvår 2021

Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett å løyva ytterlegare 1,5 milliardar kroner i ekstra skjønnstilskot til kommunane for andre halvår 2021 grunna covid-19. Auken i skjønnsramma kjem i tillegg til ein auke i innbyggartilskotet på 1 milliardar kroner.

Det ekstra skjønnstilskotet vil bli fordelt før jul. Statsforvaltaren vil i eiget brev på hausten be kommunane som har netto meirutgifter i form av netto driftsutgifter knytt til smittevern og TISK-strategien om å levere inn ny rapport som Statsforvaltaren skal formidla vidare til KMD.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.