Positivt samarbeid om kommunereforma

Dei fem kommunane i Jærrådet utvidar samarbeidet med Stavanger, Randaberg og Sola kommune i arbeidet med kommunereforma. Dette gjeld både utgreiingsarbeid og informasjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.02.2015

Det blir i løpet av kort tid etablert ei felles nettside for informasjon og innbyggjarinvolvering. Det har fram til nå vore eit godt samarbeid mellom desse åtte kommunane. Fylkesmannen ser positivt på at dette nå held fram og blir utvida.

– Det er god ressursutnytting å stå saman om arbeidet med faktagrunnlaget, i eit område som i stor grad har felles utfordringar, seier prosessrettleiar hos Fylkesmannen i Rogaland, Anfinn Rosnes.

 

Prioriter involvering

For å få eit best mogleg avgjerdsgrunnlag, er det viktig å prioritera brei involvering av innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv. Me registrerer at dette er høgt prioritert, og det blir spennenda å følgja arbeidet. Det vil også kunna vera til nytte for dei andre kommunane som står midt i dette krevjande arbeidet.

Mot slutten av prosessen må kommunane ta stilling til alternativ for samanslåing. Då har dei truleg gode føresetnadar for at det ikkje manglande utgreiing eller involvering som blir det avgjerande.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner