Folk i Gjesdal positive til ny kommunestruktur
55 prosent av dei spurde i Gjesdal er positive til å danna ein ny kommune i lag med ein nabokommune, viser ei fersk innbyggarundersøking.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På måndag fekk kommunestyret i Gjesdal presentert undersøkinga. Fylkesmannen har i dialog med Gjesdal kommune rådd til å høyra folket. Kommunen fortener skryt for å ha fått dette til på kort tid.
Skule og helse viktigast
Innbyggarundersøkinga gir fleire gode innspel til det vidare arbeidet med kommunereforma i Gjesdal. Det kjem fram, slik som i mange andre kommunar, at folk er mest opptekne av nærleiken til basistenester som skule og helse. Avstand til rådhuset er mindre viktig.
Undersøkinga viser vidare at fleirtalet er positive til endring i kommunestruktur. Dette gir etter vår vurdering grunnlag for at Gjesdal kommune bør ha vidare samtalar med nabokommunar, eksempelvis Bjerkreim. Me har rådd til naboprat mellom Gjesdal og Bjerkreim då me møtte formannskapet i Bjerkreim 2. februar og i Gjesdal 25. februar. Me er kjende med at det har vore samtalar 29. februar, der ordførar i Gjesdal inviterte Bjerkreim til samarbeid om ein intensjonsavtale.
Kort tid fram til endeleg vedtak innan 1. juli
Me legg til grunn at arbeidet med kommunereforma nå blir prioritert slik at kommunestyret i Gjesdal får eit tilstrekkeleg grunnlag for avgjerd innan fristen 1. juli 2016.
Du finn undersøkinga i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13