Kommunane løyser oppgåver gjennom samarbeid
NIVI Analyse har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet kartlagt korleis kommunale oppgåver blir løyste i Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal. Mange kommunar løyser oppgåvene i lag.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kartlegginga er eit ledd i det vidare arbeidet med kommunereforma, med fokus på å undersøka omfang og organisering av interkommunalt samarbeid.
Stor forskjell mellom fylke og kommunar
Kartlegginga viser at det er stor forskjell mellom dei tre fylka. Eksempelvis er det ingen kommunar i Trøndelag, med færre enn 3 000 innbyggarar, som løyser barnevernet i eigen regi. I Nordland er det mange slike kommunar som løyser dette i eigen kommune.
Kva med Rogaland?
Rogaland er ikkje med i denne undersøkinga, men rapporten gir likevel nyttig informasjon. Det er også her relativt omfattande samarbeid mellom kommunar på mange ulike tenesteområde, og me har som mål å skaffa oss meir kunnskap om dette.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13