Kommunereform: Nytt oppdrag til Fylkesmannen
Regjeringa har lagt til grunn at det framleis er behov for endring i kommunestrukturen, og Fylkesmannen skal også nå ha ei sentral rolle.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vidare arbeidet blei annonsert i samband med at Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) presenterte kommuneproposisjonen i mai i år. Fylkesmannen fekk i juni ei konkretisering av oppdraget, og dette blir vidareført i tildelingsbrevet for 2019.
Kvifor held arbeidet fram?
I Regjeringserklæringa kjem det tydeleg fram at kommunestrukturen må tilpassast dagens og framtidige utfordringar. Det blir mellom anna peikt på at større og sterkare kommunar gir betre velferdstenester, og at det er behov for meir heilskapleg og samordna samfunnsutvikling i felles arbeids- og buområde. At pågåande endring i kommunestrukturen i stor grad gir eit resultat der storkommunar blir endå større, dannar også grunnlag til å vurdera behovet for ny justering.
Det er lagt vekt på at reforma nå skal skje gjennom gode lokale prosessar. Og det er lagt til grunn gode og føreseielege økonomiske rammer. Det skal arbeidast vidare med gode verktøy for dialog med kommunane, men fokus på lokale initiativ. KMD si nettside blir oppdatert i dialog med fylkesmennene.
Fylkesmannen sitt oppdrag
Regjeringa har gitt oss i oppdrag å ta framtidig kommunestruktur opp med kommunane. Me skal særleg stimulera til diskusjonar om utfordringar i den enkelte kommunen, og bidra til ny kommunestruktur der det lokalt ligg til rette for det. Heile embetet blir involvert i dette arbeidet, og me kjem særleg til å ha merksemda på kapasitet og kompetanse på viktige tenesteområde.
I tildelingsbrevet for 2019, der regjeringa gir oss konkrete oppgåver, er det presisert at alle samanslåingar i perioden 2017-2021 skal vera baserte på lokale vedtak.
Kva gjer fylkesmannen?
Fylkesmannen skal i stor grad nytta etablerte kontaktflater med kommunane i arbeidet med kommunereforma. Me skal oppdatera eigen kunnskap om kommunane, og me set av nye ressursar til dette arbeidet. Elles skal dialogen med kommunane i stor grad skje gjennom kjende aktivitetar som kommunebesøk, planprosessar, møte og tilsyn. Det kan vera at ein del aktivitetar blir noko meir målretta. Målet er å ha ein god dialog.
I samband med vår samla tilråding om framtidig kommunestruktur i september 2016, hadde me ei fagleg vurdering av utfordringane i regionane og i enkeltkommunar. Dette nyttar me som grunnlag i arbeidet med det nye oppdraget.