Digital landbrukskonferanse – Alle vil ha matjorda, men til kva?

Dato:
15. mars 2021 09:00 - 12:30
Sted:
Digital direktesending og livestreaming av debatt frå Stavanger Aftenblad
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, Landbruksråd Rogaland, KS, og Rogaland landbruksselskap
Målgruppe:
Politikarar og alle som arbeider med eller for landbruksnæringa.

Landbrukskonferansen 2021 går i lufta, eller digitalt som mange seier. Annleisåret 2020 lærte oss å sette pris på god og trygg matvareforsyning, og Rogaland leverte. Men kva nå? Vi spør oss, deg og politikarane: Korleis blir framtida for landbruket i Rogaland? Vi må snakke om jordvernet når – alle vil ha matjorda.

Publisert 27.01.2021

Vi har mellom anna fått med oss statssekretær Heidi Karin Nakken i KMD, generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag og Bothild Å. Nordsletten som er redaktør i Bondevennen. Våre politikarar blir sjølvsagt utfordra i valåret 2021.

Program 15. mars 

Tid Innhald. NB! Kan bli endra Namn
0900 – 0910  Logg på! Vi gjer oss klar til å kome i gang møteleiar er ass. landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland, Anfinn Rosnes
0910 – 0920
Velkomen til konferanse! leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit
0920 – 0945 

Frå jord er du komen, til high tech skal du bli? Argument for ei meir jorda framtidstru for matfylket Rogaland.

redaktør i Bondevennen, Bothild Å. Nordsletten
 0945 – 1000 Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland, Geir Skadberg
1000 – 1005 5 min pause  
1005 – 1030 

Koronatid og norsk matproduksjon – plattform for framtida

generalsekretær i Norges Bondelag, Sigrid Hjørnegård
1030 – 1050 

Kor viktig er jordvernet for Noreg? 

statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Heidi Karin Nakken
1050 – 1115 

Landbruk kontra anna plasskrevjande næringsutvikling

forskar i Ruralis, Heidi Vinge 

regionaldirektør i NHO, Tone Grindland

1115 – 1120 5 min pause  
1120 – 1145

Framtidas landbruk for matindustrien

konserndirektør i Nortura, Kjell Rakkenes
  Over til studio  
1145 – 1230

Samtale kring utnytting av ressursgrunnlaget og konsekvensane for samfunnet.   

Kristine Stensland i studio med gjestene Heidi Vinge, Marit Epletveit, Kjell Rakkenes, Tone Grindland, Geir Pollestad (SP), Marianne Chesak (AP), Ingrid Fiskaa (SV) og Margret Hagerup (H).  

 

Det blir rom til å stille spørsmål til innleiarane via eit google-skjema. Saknar du kaffi-pausane? Det gjer vi også, men fordelen med digital konferanse er at du kan liste deg ut og hente kaffi når det passar.

Dei som ønskjer å sjå konferansen i ettertid må ta kontakt.

Påmelding

Påmeldingsfristen er gått ut.

 

Dato:
15. mars 2021 09:00 - 12:30
Sted:
Digital direktesending og livestreaming av debatt frå Stavanger Aftenblad
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, Landbruksråd Rogaland, KS, og Rogaland landbruksselskap
Målgruppe:
Politikarar og alle som arbeider med eller for landbruksnæringa.

Kontaktpersoner