Kurs i marknadshage
- Dato:
- 19. oktober 2022 09:00 - 20. oktober 2022 15:30
- Sted:
- Genoloftet, Postvegen 212, Særheim i Klepp.
- Arrangør:
- NLR Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som ønsker å satse på småskala dyrking av grønsaker for sal.
- Påmeldingsfrist:
- 3. oktober 2022 23:59
Skal du begynne med grønsaksdyrking i liten skala for sal? Sett av dagane 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022!
Kurset vil passe for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, men som nå ønsker å satse seriøst med sal av eigenproduserte grønsaker. Du som har drive grønsaksproduksjon i nokre år og vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg, vil også få godt utbytte av kurset.
Kurset er satt opp over fire dagar: 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022 og varer frå kl 09:00- ca. 15:30.
Stad: Genoloftet, Postvegen 212, Særheim i Klepp.
Deltakaravgift: Medlemmer i NLR kr. 2200,-. Ikkje medlemmer kr 3000,-.
Påmelding her innan 3.oktober
Kurshaldaren, Hans Gaffke, er rådgivar i NLR Øst. Han er utdanna i hagebruk frå Ås og har lang erfaring som rådgivar og med praktisk dyrking av grønsaker på eiget gardsbruk. Gjesteinnlegg ved fleire lokale dyrkarar.
Program
19. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30
Hans Gaffke:
- Val av dyrkingsopplegg.
- Etablering av marknadshage.
- Plassering, leplanting.
- Jord, jordliv, gjødsling.
- Vekstskifte, fangvekstar, husdyrgjødsel, grøngjødsling.
20. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30
Hans Gaffke:
- Marknadshage - arbeid gjennom sesongen.
- Oppal, våronn, ugras, insekt, innhausting, lagring.
- Reiskapar tilpassa småskala grønnsaksdyrking.
9. november 2022. Klokka 9:00-15:30
Hans Gaffke:
- Små kulturar på friland.
- Småskala tomat og agurk i uoppvarma tunnel.
10. november 2022. Klokka 9:00-14:30
Hans Gaffke:
- Planlegging, økonomi.
- Foretaksplanlegging.
- Dyrkingsplanlegging, innføring i planleggingsverktøy.
- Effektivisering etter LEAN prinsipp.
Kl. 13:30 Olav Tegle, Innovasjon Norge. Tilskotsmoglegheiter.
Arrangørar: NLR Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland.
Dyrkingskonseptet marknadshage
Dyrkingskonseptet marknadshage er ei arbeidsintensiv dyrking av vekstar på avgrensa areal med høg marknadsverdi til direkte og/eller lokal omsetnad.
Typiske kjenneteikn for marknadshage: Dyrking på faste bed. Stort mangfald av vekstar, som gjerne er rasktveksande. Heller planteoppal framføre direkte såing. Høg jordfruktbarhet. Høg plantetetthet. Minimert jordarbeiding. Lågt / moderat investeringsbehov. Meir informasjon på markedshage.no
- Dato:
- 19. oktober 2022 09:00 - 20. oktober 2022 15:30
- Sted:
- Genoloftet, Postvegen 212, Særheim i Klepp.
- Arrangør:
- NLR Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som ønsker å satse på småskala dyrking av grønsaker for sal.
- Påmeldingsfrist:
- 3. oktober 2022 23:59