Landbrukskonferansen 2024

Dato:
4. mars 2024 08:30 - 15:00
Sted:
IMI Forum, Stavanger
Arrangør:
Rogaland fylkeskommune, KS, Landbruksråd Rogaland, Rogaland Bondelag, Agrovisjon, Rogaland Landbruksselskap, LO, NHO og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i offentleg landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket og ellers alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.
Påmeldingsfrist:
26. februar 2024 23:59

Utan bonden - ingen mat. Nå kan du melde deg på Landbrukskonferansen 2024 måndag 4. mars. Som deltaker får du faglege oppdateringar og synspunkt i tillegg til å møte kjenningar og nye folk. Tema for dagen blir "Matforsyning og beredskap - Rogalandsbonden er viktig! Vi håper å sjå deg i Stavanger.

Publisert 09.01.2024

Matforsyning og beredskap er blitt eit tema som oftare enn før kjem på dagsorden. Verdas matforsyning er trua av klimaendringar og konfliktar, og vår sjølvforsyning blir sett høgt på politisk dagsorden. I dette biletet er det avgjerande at vi opprettheld matproduksjonen i husdyrfylket Rogaland, og at dette må også vere eit viktig utgangspunkt ved utforming av ny gjødselvareforskrift. Framtidig matforsyning må skje gjennom motiverte bønder, og då er økonomi, dyrevelferd og teknologi sentrale tema. Målet med  årets landbrukskonferanse er å skape optimisme for ei stadig viktigare næring. Velkomen!

Matforsyning og beredskap - Rogalandsbonden er viktig!

Konferanseleiar: Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (redaktør i Bondevennen)

08.30 Registrering og servering, te, kaffi og wraps
09.00 Velkomen ved Ole Ueland (H), fylkesordførar
09.10 Ny gjødselvareforskrift, dyrevelferdsmelding og anna aktuelt. Geir Pollestad (SP), landbruks- og matminister LMD

Beredskap og teknologi

09.50  Matforsyning som viktig del av beredskapen. Tone Grindland, regiondirektør i NHO Rogaland
10.15 Pause 
10.35 Genteknologi - matforsyning og berekraft. Sigrid Bratlie, prosjektleiar genteknologi i NCE Heidner Biocluster
11.25 Spørsmål frå salen.
11.30 Agritech-klynga - teknologi og innovasjon i landbruket. Gunnar Crawford, klyngeleder Agritech Nordic Edge
11.45 Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland

 Bonden i sentrum

12.45 Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Monica Dahlmo, styreleiar i Rogaland Landbruksselskap
13.00 Bedre dyrevelferd, alle må med. Guro Myhrene, fung. avdelingssjef Mattilsynet Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord
13.25 Timpelen Ku i Sola kommune - tradisjonelt landbruk med søkjelys på lønnsam drift, god dyrevelferd og avl. Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen
13.50 Pause

Landbruk i heile Rogaland

14.10

Korleis vidareutvikle landbrukskommunen Stavanger. Henrik Halleland (KrF), varaordførar i Stavanger kommune

Landbruk i Rogaland - moglegheiter sett frå Stortinget. Ingrid Fiskaa (SV), stortingsrepresentant

14.35 Korleis sikre og auke matforsyninga i heile fylket? Ståle Hustoft, leiar Rogaland Bondelag
14.50 Kort oppsummering av dagen ved konferanseleiar
15.00 Takk for i dag. Vel heim!

Påmelding

Meld deg på ved å klikke på linken under. Frist for påmelding er 26. februar, og påmeldinga er bindande etter 16. februar. Konferansen kostar 990 kroner per deltakar. Me tek atterhald om endringar i programmet.

Her kan du melde deg på.

Her kan du sjå kven som har meldt seg på.

Konferansen er på IMI Forum i Stavanger. Næraste buss-stopp er IMI- Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det også mogleg å lade el-bilen.

 

Dato:
4. mars 2024 08:30 - 15:00
Sted:
IMI Forum, Stavanger
Arrangør:
Rogaland fylkeskommune, KS, Landbruksråd Rogaland, Rogaland Bondelag, Agrovisjon, Rogaland Landbruksselskap, LO, NHO og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i offentleg landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket og ellers alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.
Påmeldingsfrist:
26. februar 2024 23:59