Fagsamling for landbruksforvaltninga i Rogaland 2025
- Dato:
- 20. mai 2025 09:30 - 21. mai 2025 15:30
- Sted:
- Jæren Hotell, Solhøgda 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltninga i Rogaland

Tradisjonen tro arrangerer Statsforvaltaren i Rogaland fagsamling for landbruksforvaltninga i stat og kommune. Her blir det fagleg påfyll og vi blir betre kjent med andre med same jobb.
I år held vi oss på Sør-Jæren og overnattar på Jæren hotell på Bryne.
Vi startar fagsamlinga 20. mai på Jæren hotell kor det vil bli føredrag og diskusjonar, og dagen etter blir det busstur rundt om i regionen. Meir detaljert program for dagane kan du sjå under, og det vil kome meir informasjon etter kvart.
Vi tar atterhald om endringar i programmet.
Tysdag 20.mai - Fagleg innhald
09.00 - 09.30 Registrering og ein matbit på Jæren hotell
09.30 - 09.40 Velkomen og opning av fagsamlinga ved ordførar i Time, Andreas Vollsund
09.40 - 10.00 Nytt frå landbruket ved Monica Dahlmo, landbruksdirektør
-
-
- Presentasjon av nye tilsette i kommunane og hos Statsforvaltaren
-
10.00 - 10.20 Landbruket sin plass i kriseberedskapen ved Anfinn Rosnes
10.20 – 10.45 Korleis rekruttere dei unge inn i næringa ved Maria Dyngeland, leiar av Jæren Young Cowboys
10.45 – 11.00 Pause
11.00 - 12.00 Vegen mot fossilfritt landbruk og verktøy for målretta innsats ved Erik Eid Hohle dagleg leder Energigården
12.00 - 13.00 Lunsj
13.00 – 13.45 Mat og beredskap
-
-
- Kadaverhandtering ved krise ved Janne Breivik
- Å jobbe på tvers gir resultatar – om Svinegruppa, Sauegruppa og Bondevelferd ved Hanne Elin Herrebrøden
-
13.45 – 14.15 Innovasjon Norge ved Olav Tegle
14.15 - 14.30 Pause
14.30 - 15.15 Miljø og tilskot
15.15 - 15.30 Pause
15.30 - 16.30 Areal
-
-
- Driveplikt
- Bruksstruktur
- Jordvern
-
16.30 - 16.40 Informasjon om morgondagen - transport og smittevern
Sosialt før middag
19.00 Festmiddag med underhaldning på Jæren hotell ved festleiar Gudrun Kristensen
Onsdag 21. mai - Busstur
Det er planlagt to bussturar som du som deltar kan velje mellom. Turane har litt forskjellige tema og vil besøke ulike stadar. Begge bussane vil ha avreise frå og retur til Jæren hotell. Undervegs i bussen vil representantar frå kommunane vi besøker fortelje om landbruket i sin kommune og det blir stopp ulike stader.
Vi tar atterhald om endringar i programmet.
Buss 1- Klepp og Hå
Turleiar: Christer Andersen frå Statsforvaltaren og ein representant frå landbruksforvaltninga i Klepp og Hå kommune.
8:30 Avgang frå Jæren Hotell
Besøk: Reve Kompost, Thor Refve
Tema: Drifta på garden, gjødsling, presisjonsgjødsling og forsøk knytt til
gjødsling og resultatet av det. Dei blandar gjødsel sjølv. Kompost.
Besøk: Vik-klynga, Ola Sunde m/fleire
Tema: Veksthus og grønsaksproduksjon på Vik.
Utfordringar, fordeler/ulemper med grønsaksproduksjon på Jæren
På veg sørover: Vi passerer ein gardsvindmølle på vegen og får kort informasjon om denne og kommunen sin planstrategi for energianlegg. På resten av turen frå Klepp til Brusand får vi informasjon om Bio Jæren og gjødselbruk ved Esben Otterlei, Lyse AS. Vi gjer eit lite stopp på Grødaland.
Lunsj på Jærgarden Kvalbein– informasjon om potet og gulrotproduksjon ved Wegard Qualbein
Besøk: Leif John Haugstad, Vigrestad
Tema: Lite lausdriftsfjøs i tre, anlegg med rensepark, salamanderdam, sandsvaleanlegg.
På veg nordover: Informasjon om vassdragsprosjekter i Hå mens vi kjører tilbake til Bryne.
15:30 Retur Jæren hotell, Bryne
Buss 2 – Time og Gjesdal
Turleiar: Ein frå Statsforvaltaren og ein representant frå landbruksforvaltninga i Time og Gjesdal kommune
8.30 Køyrer frå Jæren hotell, Bryne
Besøk; Jon Line og Line gardsutsal
Tema: Driftsleiing av ein gard med stor landbruksproduksjon og gardsutsal av eigne produkt. Me får høyre erfaringar frå Jon og Heidi som har bygd opp produksjonen gradvis, til dagens nivå, og har faste tilsette medarbeidarar.
Besøk; Njåskogen
Tema: Skogsdrift i friluftsområde, spennet mellom interessekonfliktar friluftsliv og moglegheiter for næring i tettbefolka område.
Lunsj på Veveriet, Ålgård
Besøk; Jørn og Bjarte Viste, Hadland
Tema: nydyrking og matjordflytting, nedbygging av gard og kjøp av ny gard.
Besøk; Arve Hov og Kari Tjetland
Det blir en kort gåtur.
Tema: Restaurering av bekk.
15.30 Retur Jæren hotell, Bryne
For at ikkje ein av bussane blir for full, ber vi de sprei dykk utover.
Vi håpar de vil bli med på desse turane som vil innehalde mykje spennande.
For å melde deg på årets fagsamling på Jæren, klikk her
Påmeldingsfristen er fredag 25. april.
Har du spørsmål eller innspel til fagsamlinga så kan du ta kontakt med Tonje, Christer eller Bente.
- Dato:
- 20. mai 2025 09:30 - 21. mai 2025 15:30
- Sted:
- Jæren Hotell, Solhøgda 3, 4340 Bryne
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland, landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- Landbruksforvaltninga i Rogaland