Velkomen til Landbrukskonferansen 2026 - Påmeldinga er opna!
- Dato:
- 9. mars 2026 08:30 - 15:30
- Stad:
- Stavanger
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Rogaland bondelag, KS, NHO, LO, Rogaland landbruksselskap og Agrovisjon
- Målgruppe:
- Bønder, politikarar, næringsliv, rådgivarar, kommunetilsette, og andre interesserte
Like sikkert som våronna kjem kvart år, så blir Landbrukskonferansen arrangert i mars. Nå kan du sjå kven som står på programmet, og påmeldinga er opna.
Landbrukskonferansen står støtt og er ein viktig møteplass for alle som vil bidra til eit framtidsretta og berekraftig landbruk i Rogaland. Velkommen til IMI Forum i Stavanger, 9. mars!
Konferansen i 2025 hadde heile 250 deltakarar, der bøndene utgjorde heile 30 prosent. Det var vi svært godt nøgde med, og vi håpar å vidareføre suksessen i 2026. Om du er bonde, politikar, rådgivar, kommunetilsett, jobbar i næringsliv knytt opp mot landbruket eller berre er oppteken av landbruket i Rogaland, så håpar vi du finn dagen interessant. Programmet er i utvikling, og her er oversikt over dei som vil vere på scenen i mars.
Programmet strekk seg frå 8.30 til 15.30
- Ole Ueland, Fylkesordfører i Rogaland - Velkommen til Landbrukskonferansen 2026
- Bob van Oort, Biolog og forsker ved Cicero - senter for klimaforskning
- Øystein Tunsjø, Professor ved institutt for forsvarsstudier
- Hanne Steen, Direktør for trygg mat og dyrevelferd, samt beredskapssjef i Nortura
- Viil Søyland, Forhandlingsleder i jordbruksforhandlingene
- Monica Dahlmo, Landbruksdirektør i Rogaland - Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland
- Anders Braut Ueland, bonde og avdelingsleiar i heimevernet
- Rekruttering i landbruket. Sofaprat ledet av Oddvar Vignes
- Rogalandsbenken, ambisjoner for landbruk og selvforsyning i Rogaland
- Aslak Sira Myhre, tidligere Nasjonalbibliotekar
Detaljer rundt programmet blir fortløpande oppdatert.
Frist for påmelding er 27. februar og påmeldinga er bindande. Konferansen kostar ordinært 1200 kroner per deltakar, og for bønder kostar det 600 kroner. Me tek atterhald om endringar i programmet.
Konferansen er på IMI Forum i Stavanger. Næraste buss-stopp er IMI-Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det også mogleg å lade el-bilen.
- Dato:
- 9. mars 2026 08:30 - 15:30
- Stad:
- Stavanger
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Rogaland bondelag, KS, NHO, LO, Rogaland landbruksselskap og Agrovisjon
- Målgruppe:
- Bønder, politikarar, næringsliv, rådgivarar, kommunetilsette, og andre interesserte