Landbruk og mat
Nytt om Landbruk og mat
20.10.2025Skog og folkehelse - Anne Lindmo med fleire i Rogaland Arboret
Skogselskapet samlar fagfolk, forskarar og andre skog- og treengasjerte for å dele kunnskap, erfaringar og inspirasjon. Saman blir det bygd bru mellom arkitektur, folkehelse, friluftsliv og skogbruk.
17.10.2025
Kven skal få landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2025?
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.
17.10.2025
Haugesund i bresjen for eit matkultursenter for barn og unge
Stadig færre unge har kjennskap til korleis maten blir produsert og til regionen sin matkultur. Alternative læringsarenaer er derfor viktige bidrag til den ordinære mat- og helseundervisninga i skolane.
16.10.2025
Positiv inntektsutvikling i jordbruket på Haugalandet i 2024
Ein fersk økonomirapport viser solid vekst i inntekt per bruk frå 2023 til 2024 på 144 000 kroner, og at det blir investert i næringa. Mjølk blir omtalt som vinnaren grunna gode prisar og frislepp av kvotar.
16.10.2025
Organisert beitebruk – søk tilskot innan 15. november
Organisert beitebruk gir betre dyrevelferd og effektiv ressursbruk i utmarka. Beitelag i Rogaland kan no søkje om tilskot til felles tiltak som tilsyn og sanking.
14.10.2025
Ønskjer at bonden og biogassbransjen tar gode val
Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde? Det er hovudtema for fagmøte i Tysvær, 18. november.
08.10.2025
Hald av 9. mars til Landbrukskonferansen 2026
Like sikkert som våronna kjem kvart år, så blir Landbrukskonferansen arrangert i mars. Dette er ein viktig møteplass for alle som bryr seg om landbruket i regionen med fagleg påfyll, gode samtalar og inspirasjon for året som kjem.
08.10.2025
Ikke ta saken i egne hender - la motorsaga stå!
Ekstremværet Amy har ført til mange vindfelte tre rundt i hele fylke. Rotveltede trær ligger ofte i spenn og arbeid med slik opprydding er forbundet med svært høy risiko.
07.10.2025
Rogaland treng eit krafttak for landbruksinvesteringar
- Mange bønder sit med eit driftsapparat som klart er modent for fornying, skriv Monica Dahlmo som landbruksdirektør i Rogaland. Denne kronikken stod på trykk i Nationen 29. september 2025.
07.10.2025
Ønskjer å trygge landbruksrådgivaren
Korleis møter vi bønder som står i krevjande livssituasjonar – og korleis kan rådgivarar bidra til å hindre dyretragediar? Ein fagleg rettleiar som skal gi støtte til rådgivarar i landbruket blir lansert digitalt 11. november som del av prosjektet Bedre bondevelferd.
Flere nyheter Få nyhetsvarsel
Lenker
Dokumenter
Landbruk og mat i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.