Innfører tilskot til klimarådgiving på gardsbruk
Nå kan bøndene i Rogaland søkje regionalt miljøtilskot til klimarådgiving. Så langt er det Norsk landbruksrådgiving Rogaland og TINE som tilbyr klimaråd der dei ser på korleis bonden kan redusere sitt klimagassavtrykk, og korleis drifta kan tilpassast klimaendringane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bonden må betale 6000kr for rådgivinga og kan få 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Tilskotet søker bonden i etterkant. Saman med søknaden må ho/han levere kvittering for utført klimaråd og kopi av tiltaksplan for garden.
Klimakalkulator
I rådgivinga nyttar NLR og TINE ein klimakalkulator som er eit digitalt verktøy utvikla spesielt for jordbruksnæringa. Kalkulatoren gir bonden oversikt over klimagassutslepp i gardsdrifta og potensial for reduksjon og karbonbinding i jord. Per i dag kan kalkulatoren nyttast for mjølkeproduksjon, svineproduksjon og kornproduksjon, men målet er å inkludere alle produksjonane slik at alle norske bønder kan bruke kalkulatoren.
Klimatilpassing
Klimaråd handlar også om korleis bonden kan tilpasse drifta for å møte klimaendringane. Kva tiltak kan gjere drifta meir roboust til å takle større svingningar i temperatur, vekstsesong og ikkje minst endra nedbørsmønster? Klimarådgivarane skal gå gjennom drifta og vurdere handtering av overflatevatn, fordrøyingstiltak, drenering og liknande.
Vilkår for tilskot
Tilskot til klimaråd blir ein del av Regionalt miljøprogram i Rogaland, og føretak som søkjer tilskot må oppfylle dei generelle krava for regionalt miljøtilskot. Søknadsfristen for regionalt miljøtilskot er 15. oktober, og søknadane blir behandla av kommunal landbruksforvaltning. Landbruksdirektoratet godkjenner tilbydarar av klimaråd og fastsett kva innhaldet i eit klimaråd skal vere for å kvalifisere for tilskot. Det er utvikla ein felles mal for tiltaksplan som rådgivarane bruker. Kopi av tiltaksplanen og kvittering for utført rådgiving skal følgje med søknaden om tilskot. Tilskotet blir gitt for gjennomført rådgiving. Det er ikkje eit krav for tilskot at føretaket gjer alle tiltaka i tiltaksplanen.