Årleg kontroll av svine- og fjørfeproduksjon

Purke med smågris.
Purke som diar grisungar Foto: Norsvin.

Statsforvaltaren har ansvar for å føre kontroll med at husdyrkonsesjonsregelverket blir overheldt. Vi gjennomfører no kontroll av produksjonen i 2024.

Publisert 23.04.2025

Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (husdyrkonsesjonslova) med tilhøyrande forskrift regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet, og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon i Noreg. Føremålet er å legge til rette for spreidd husdyrproduksjon. Regelverket set grense for tal dyr som kan slaktast eller omsettast gjennom kalenderåret, og kor mange dyr ein kan ha i produksjonen til ei kvar tid.

Konsesjonsgrensa er 2 100 dyreeiningar

Lova har fastsette grenser for kor stor produksjonen kan vere i eit føretak. Konsesjonsgrensa er gitt i tal dyr, og konsesjonsgrensa er tilsvarande 2 100 dyreeiningar. For å kunne produsere meir enn konsesjonsgrensa, må føretaket ha fått innvilga konsesjon.

Oversikt over grenser og dyreeiningar for dei ulike produksjonane finn du i forskrift om svine- og fjørfeproduksjon § 3 og § 4.

Korleis fungerer konsesjonsgrensene for dei ulike produksjonane

For slaktekylling, kalkun og slaktegris gjeld tal omsette og slakta dyr pr. år.

Verpehøns er konsesjonspliktige frå og med 20 leveveker, og konsesjonsgrensa er 7 500 dyr på eitkvart tidspunkt. Det vil seie at det ikkje er tillate å ha fleire verpehøns enn konsesjonsgrensa eller innvilga konsesjon.

Produsentar med avlspurker må forhalde seg til to konsesjonsgrenser 

Det er konsesjonsgrensar for utrangerte purker og innsette purker, og forholdet mellom desse og omsett gris. Med omsett gris meinast gris selde til både liv og slakt med vekt over 50 kg levande.

For avlspurker gjeld innsette avlspurker til eikor tid, og utrangerte avlspurker per år. Dermed er det ikkje på noko tidspunkt tillate å ha fleire innsette avlspurker summert med omsette gris enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon. Det er heller ikkje tillate å utrangere fleire avlspurker summert med omsette gris enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon.

For produsentar med fleire kraftfôrkrevjande husdyrproduksjonar skal produksjonane sjåast i samanheng.

Kontroll

Statsforvaltaren har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet ansvar for å føre kontroll av husdyrkonsesjonsregelverket. Kontrollen omfattar dokumentkontroll og stadleg kontroll av føretak med gris og fjørfe. Landbruksdirektoratet har ein leveransedatabase der vi kan kontrollera produksjonen for alle føretak. I tillegg vil vi i nokre tilfelle etterspørje meir dokumentasjon av produksjonen. Stadleg kontroll blir gjort på eit risikobasert utplukk av føretak.

Informasjonsbrev blir sendt til produsentar som har produsert over konsesjonsgrensa i 2024. Det er for å gjere dei merksame på at produksjonen i 2025 må reduserast tilsvarande overproduksjonen i 2024 for å unngå økonomisk reaksjon.

Det blir sendt varselbrev om krav om betaling av standardisert erstatning viss produksjonen dei to siste åra (2023 og 2024) var over konsesjonsgrensa, og viss produksjonen overstig 15 % over konsesjonsgrensa i 2024.  Vi har ikkje god nok oversikt over verpehønsproduksjonen til å kunne sende varselbrev til verpehønsprodusentane som har produsert over konsesjonsgrensa. Difor vil verpehønsprodusentane berre få brev om varsel om dokumentkontroll.

To-årsregelen

Produksjonsomfanget skal alltid vurderast over to år, fordi det er mogleg for eit føretak å produsere inntil 15 % over konsesjonsgrensa eit år, mot ein tilsvarande reduksjon året etter. Om det ikkje blir redusert nok år to, må ein betale for overproduksjon. Om overproduksjonen overstig 15 % eit år, skal det reagerast for all produksjon ut over 15 % over konsesjonsgrensa. Dei resterande 15 % kan produsenten redusere påfølgande år for å unngå økonomisk reaksjon. 

Meir informasjon om regelverket finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.