Beitelagssamling på Bryne
Den 7. - 8. februar blir det beitelagssamling for beitelagsleiarar og heiasjefar i Rogaland.
Vi ønskjer å oppretthalda tradisjonen med beitelagssamling og inviterer heiasjefar og beitelagsleiarar til samling 7. – 8. februar. Samlinga går frå lunsj til lunsj på Bryne Kro og Hotell. Adressen er Morenefaret 3, 4340 Bryne.
Vi startar med lunsj kl. 12:00 fredag og avsluttar samlinga laurdag kl. 11.30.
Til samlinga kjem representantar frå Statens naturoppsyn (SNO), miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren og rovviltansvarleg i Rogaland sau og geit, for å snakka om rovviltsituasjonen. Det blir og faglege innlegg frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Mattilsynet, Statsforvaltaren og slakteria.
Program med meir informasjon er sendt til leiarar av beitelag som søkjar tilskot til organisert beitebruk i Rogaland.
Frist for påmelding er 20. januar.
Påmelding sendast til hanne.herrebroden@statsforvalteren.no