Dyrehelserapporten 2022; - innsikt som kan styrke husdyrproduksjonen i Rogaland

Storfe på beite
Storfe på beite Foto: May Kristin Lofthus.

I internasjonal samanheng er norsk dyrehelse i verdstoppen, men hendingar i 2022 viser at me ikkje kan ta den gode sjukdomsstatusen for gitt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.05.2023

Dyrehelserapporten blei for andre år på rad lansert i Sandnes i regi av Veterinærinstituttet. Rapporten gir ein årleg statusoppdatering for smittsame sjukdommar og velferd i den norske landdyrpopulasjonen, inkludert vilt.

Best i verda på dyrehelse

Veterinærinstituttet konkluderer med at norsk dyrehelse er i verdstoppen, med fråvær av mange alvorlege, smittsame sjukdomar. Dei skriv og at dette blir stadfesta gjennom eit lågt antibiotikaforbruk og låge nivå av antibiotikaresistens.

Like viktig for bøndene som for veterinærane

I rapporten blir det trekt fram at året 2022 var spesielt med fleire hendingar som gir grunn til å vere meir merksame. Det blir vist til at storfetuberkulose igjen blei påvist i Noreg, i Suldal i Rogaland, for første gong sidan midten av 1980-talet, og Liste 1-sjukdomane høgpatogen aviær influensa og Newcastlesjuka blei påvist i kommersielt fjørfehald. Også i Rogaland.

- Rapporten er viktig for alle som ønskjer ei oppdatering på status og kva har skjedd det siste året, og den er like viktig for bøndene som for veterinærane, svarer Arvid Reiersen, leiar for Nasjonalt kompetansesenter for produksjonsdyr, Veterinærinstituttet.

Me spurde Ståle Hustoft, nyvald leiar i Rogaland bondelag, om kva for eit forhold bøndene har til dyrehelserapporten.

- God dyrehelse er god dyrevelferd, og er noko av norsk landbruk sitt største fortrinn. Skal me behalde dette fortrinnet må me kunne dokumentere status på både besetnings- og nasjonalt nivå, seier Ståle Hustoft.

Førebygging og bekjemping nyttar, men dyrehelsa blir stadig utfordra

Dette er den fjerde rapporten som blir gitt ut, og etter desse åra kan ein derfor seie noko om trendar og retningar innan dyrehelse og dyrevelferd. Veterinærinstituttet gir også informasjon om kva dei ser som trugslar her heime og i utlandet, samt behov for kompetanse. Under er nokre døme på funn frå rapporten trekte fram.

Tredje året på rad utan MRSA på svin
MRSA – Meticillinresistene stafylokkar er resistente mot antibiotika, og er ein bakterie som smittar mellom menneskjer og dyr.  LA – MRSA ( livestock associated MRSA) er dyrevarianten av MRSA. Rogaland hadde utfordringar med MRSA i svinebesetningar fram til 2017. Sanering og førebygging har gitt resultat.

Færre besetningar med påvist ringorm
Rogaland har hatt utfordringar med ringorm i dei siste fem åra. På landsplan blei ringorm påvist i fire nye besetningar i 2022, mot 15 i 2019, 18 i 2020 og sju i 2021. Resultata frå ei pilotundersøking viser at det er behov for ny kunnskap om smittedynamikk og tilpassa diagnostikk for å kome vidare i arbeidet med bekjemping. Bransjenettverket i Rogaland har stått bak det regionale prosjektet RingiRog som kan vise til gode resultat i arbeidet med førebygging og kompetansebygging.

Høgt smittepress  

Det er ikkje utan grunn at rapporten blei lansert i Rogaland. Arvid Reiersen meiner at rapporten er spesielt viktig for rogalandsbonden. Han trekk fram desse argumenta for sitt syn på Rogaland:

  • har eit gunstig klima for jordbruk og husdyrproduksjon, men me er mest utsett av fylka for nokre negative sider som til dømes trekkfugl og insekt som drar med seg smitte.
  • tett husdyrproduksjon med korte avstandar mellom gardsbruk og mykje transport av varer og livdyr på kryss og tvers.
  • mykje utanlandsk arbeidskraft og handel med maskinar og utstyr.
  • mykje utanlandsk reiseverksemd og import av varer.

Arvid Reiersen hevdar at bøndenes omfattande kontakt med omverda er eit rogalandsfenomen.

Rogalandsbøndene skal ligge i front

- Rogalandsbonden er kjent for å vera produksjonsvillig og dyktig. Ny kunnskap blir tidleg implementert i landbruket i Rogaland. Me i Rogaland bondelag skal jobbe for at me også skal ligge i front på dyrevelferd og dyrehelse. Det må me gjere gjennom smitteberedskap i dei dyretette områda og kunnskapsbygging, seier Ståle Hustoft i Rogaland bondelag.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.