Genuin interesse for kyr

Jæren young cowboys på gardsbesøk.
Jæren young cowboys på gardsbesøk. Foto: Maria Dyngeland.

Rekruttering til landbruksnæringa er viktig av omsyn til sjølvforsyning og beredskap. Ungdomsforeininga Jæren Young Cowboys har betydd mykje for at det er eit stort engasjement for mjølkeproduksjon.

Publisert 26.09.2025

Foreininga blei starta av unge mjølkebønder og eldsjelar i 2011, og har vakse godt. I dag har dei om lag 80 medlemmar. Målet til Jæren Young Cowboys er å skape eit miljø for kuinteresserte ungdomar mellom 15 og 35 år. Dei lagar møtestadar kor dei får kjenne på eit fellesskap og får ny kunnskap, t.d. fagkveldar og bedrifts-/gardsbesøk. Det er viktig for Jæren Young Cowboy å kunne utfordre innarbeida rutinar.

Næringsaktørar blir henta inn

På dagsordenen er til dømes Klar for å blir brunst! Sheriff i eget fjøs , kalv – kalvestell – tilvekst, mønstring, kusignal, beiting, bygningar, dyrehelse, bedriftsbesøk, vidareforedling, og jord og gjødsel». Fagkveldane er ofte lagt til Øksnevad vgs eller på Landbruksparken på Særheim, og er gjerne i samarbeid med GENO, Norsk landbruksrådgiving, varemottakarar, leverandørar og veterinærar.

Økonomi betyr mykje for dei unge

Foreininga er oppteken av kva som skal til for at dei unge går inn i næringa. Dei seier at mykje handlar om økonomi og det å halde produksjonsinntekter oppe og driftskostnader nede. Det betyr at faktorar som påverkar økonomien til bonden, så som marknadsprisar, tilskotspolitikk, auka kostnader, gjeld og likviditet, er viktig for ungdommane.

... og bondevelferd

Andre forhold som medlemmane er opptekne av, er tryggleiken til bonden. Velferdsordningane har spesielt mykje å seie for unge familiar. Mange unge som tar over gardsbruk må til med store investeringar og opparbeider seg mykje gjeld, og dette spelar inn på den psykiske helsa. Klart ungdommane er opptekne av dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.