Spreieareal på innmarksbeite: Me lyttar før me konkluderer

Utsikt fra toppen av Bø på Rennesøy ut mot innmarksbeite og bebyggelse.
Innmarksbeite - Bø på Rennesøy Foto: Nono Dimby.

Me har i løpet av juli registrert eit stort engasjement knyta til vårt arbeid med oppdatering av godkjend spreieareal for gjødsel på innmarksbeite. Særleg har det vore reaksjonar når det gjeld dei om lag 50 bøndene i Stavanger som er varsla om mogleg oppheving av godkjend spreieareal på innmarksbeite.

Publisert 29.07.2026

Kvifor varsel 

Ny gjødselbruksforskrift har som føremål å oppnå riktig og målretta bruk av gjødselressursar, og å verne om viktige natur- og kulturlandskap. Gjødselbruksforskrifta heimlar gjennomgangen av spreieareal som me nå blir utfordra til å gjere. Statsforvaltaren i Rogaland starta difor ein prosess med å oppheve godkjenningar av innmarksbeite som spreieareal der gjødsling kan gi negativ påverknad på naturmangfald. 

Om prosessen

Det er her lagt opp til at me skal gå gjennom dei godkjende spreieareala i Rogaland. Me ønskjer så langt det lar seg gjere å vere fleksible i handteringa, innanfor ramma av det regelverket som er vedteke, men kjem ikkje utanom at det blir krevjande i husdyrtette Rogaland. Me informerte om oppheving av spreieareal på innmarksbeite på vår nettside i april 2026, starta nord i fylket, og jobbar oss nå stegvis sørover.

Status og framdrift i arbeidet

Nord for Boknafjorden var det lite areal på kart med overlapp mellom naturbeitemark og godkjend spreieareal for husdyrgjødsel. I Stavanger var det relativt stort overlapp, som ligg til grunn for varselet 52 bønder (grunneigar og dei som driv areala) i Stavanger kommune fekk rett før sommarferien. Særleg når me ser korleis dette slo ut for enkelte. Dette ligg til grunn for at me i ettertid gav dei aktuelle bønder i Stavanger utsett frist for tilbakemelding på varselet til 1. september. Det er ikkje gjort vedtak om oppheving av godkjend spreieareal, sakene er til behandling.

Dialog er viktig

Representantar frå Landbruksavdelinga med god fagkunnskap om innmarksbeite var på synfaring på utvalde bruk den 28. juli. Dette var eit naudsynt ledd i dialogen, og for å tileigne oss meir kunnskap om status på innmarkbeiter som har vore nytta i ein mannsalder.

Statsforvaltaren stiller i eit møte den 5. august med dei i Stavanger som har fått varselet. Dette er òg eit ledd i dialogen før noko blir endeleg blir avgjort ut over hausten. Me vil bruke hausten til å vurdere dei enkelte sakene, og det får ikkje konsekvensar denne sesongen.

Status om naturbeitemark i Rogaland 

Den såkalla Natur i Norge (NiN)-kartlegginga definerer kva areal som blir karakterisert som naturbeitemark. Dette er ein kritisk truga naturtype med stort artsmangfald som med grunnlag i dagens kunnskap ikkje toler så mykje gjødsel.

I Rogaland er det gjennom NiN-kartlegginga registrert totalt om lag 30 500 dekar med naturbeitemark. Om lag 16 000 dekar ligg på jordbruksareal, for det meste på innmarksbeite. Om lag 3 800 dekar av den totale mengda godkjend spreieareal på innmarksbeite er i overlapp med kartlagt naturbeitemark. Stavanger skil seg her ut med mest overlapp.

Rogaland har i 2026 om lag 440 000 dekar innmarksbeite. Nemnte overlapp som vart tema i denne prosessen gjeld difor for under 1 % av dette beitearealet. Ikkje alt av kartlagt overlapp vart eller kjem til å bli varsla oppheva.

Tabell: Summert areal av overlapp mellom innmarksbeite godkjent som spreieareal og kartlagt naturbeitemark etter NiN av kvalitetane svært høy, høy, moderat og lav. Det er ikkje tatt med overlapp som er mindre enn 1 dekar. Areal er avrunda til nærmaste heiltal. Kjelde: Temakart Rogaland spreieareal og Naturbase

Om Temakart spreieareal

Rogaland har gjennom "Temakart Rogaland -spreieareal" kome langt på digitalisering av godkjend spreieareal, og me har digital kartoversikt frå NiN-kartlegginga. Ved stor nok overlapp av areal mellom desse to kartlaga blir varsel sendt om mogleg oppheving av tidlegare godkjend spreieareal. Me presiserer at det blir varsla på teignivå der vi finn overlapp, der det også inngår relativt mye areal utan konflikt. Det er viktig at me skaffar oss god kunnskap om kva som i best mogleg grad sikrar kvaliteten som naturbeitemark. Det er slik sett viktig å ikkje oppfatte varsel om oppheving som eit endeleg resultat av omfanget som det eventuelt ikkje kan gjødslast på.   

Matproduksjon viktig omsyn

Me tek på alvor oppdraget med å legge til rette for auka og meir berekraftig matproduksjon, og samstundes ta vare på vikte naturverdiar. I omgrepet berekraft ligg også det å ta vare på naturverdiar, noko som også ligg til grunn for fleire tilskotsordningar. Eksempelvis har Regionalt miljøprogram i år auka tilskotet til skjøtsel av naturbeitemark til 1000 kr/dekar. 

I vår kvardag må me søkje å finne løysing der me må kompromisse mellom fleire nasjonale mål. Me legg særleg vekt på at beite er ein svært viktig del av ressursgrunnlaget for matproduksjon, særleg i Rogaland. Det er i den vidare prosessen viktig å kvalitetssikre kartgrunnlaget, og å hente god kunnskap om konsekvensar ved eventuell gjødsling av beiter. Her må det vere god dialog mellom dei aktuelle fagmiljø og sektorstyresmakter. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.