Korleis er menneske ein trussel mot dyrehelsa?

Vi reisar stadig meir over lengre avstandar. Det gjer oss meir sårbare for sjukdom og smittespreiing. Bildet er redigert. Kjelde: Connected World: Untangling the Air Traffic Network og The Guardian.

Den 24. april blei Dyrehelserapporten 2024 lagd fram av Veterinærinstituttet og overlevert til Mattilsynet. Den konkluderer med at norsk dyrehelse er i verdstoppen, men at fleire alvorlege dyresjukdomar utgjer ein trussel mot dyrehelsa. Ein av trusslane er menneske og overføring av smitte.

Publisert 05.05.2025

Dyrehelserapporten 2024 er den sjette i rekka og skal gi ein årleg statusoppdatering for smittsame sjukdomar, antibiotikaresistens og velferd i den norske landdyrpopulasjonen, inkludert vilt.

God dyrehelse i Noreg

Dyrehelsa hos norske landdyr er god. Det er få alvorlege sjukdomar som utgjer eit problem, sjølv om det i 2024 har vore utbrot av fugleinfluensa hos villfugl, og blåtunge blei påvist for fyrste gong sidan 2008/2009. God dyrehelse blir óg stadfesta gjennom lågt forbruk av antibiotika og låge nivå av antibiotikaresistente bakteriar. Dyrevelferd heng saman med blant anna god dyrehelse. Friske dyr har det betre og produserer meir enn sjuke dyr. Det er særs viktig for omdømmet til norsk husdyrhald å bevare den gode helsestatusen.  

 

God dyrehelse er eit resultat av målretta arbeid gjennom mange år i Noreg av myndigheiter og næringa. Rapporten peikar på at vi har god nytte av geografiske forhold i norsk landbruk, der mange områder har god avstand mellom besetningane. Lang avstand reduserar smittepresset og risiko for vidare smittespreiing om det blir utbrot av alvorleg dyresjukdom. 

Menneske- ein trussel mot dyrehelsa

Noreg har vore skjerma frå de mest alvorlege dyresjukdomane som er påvist enkelte stader i verda. Det er til dømes afrikansk svinepest og munn- og klovssjuke. I tillegg har Noreg eit strengt importvern for levande produksjonsdyr til Noreg for å verna om dyrehelsa.

Grunna auka reiseaktivitet i verda, aukar vi risikoen for utbreiing av smitte av alvorlege sjukdomar. Det er fordi menneske kan vera ein smitteberar av smittestoff på ulike vis; smitte med menneske, smitte menneske eller smitte i menneske. Smitte frå menneske kan skje både når vi besøker andre land eller når menneske frå andre land kjem til Noreg.

Smitte med menneske kan vera til dømes matvarer. Det kan skje ved å ta med seg mat som inneheld smittstoffer frå utlandet. Rapporten viser til utbrotet av munn- og klovsjuke i England i 2001 der smitte blei påvist på slakteri, og årsaka blei knytt til ein grisebesetning som ga gris matavfall som ikkje hadde blitt forskriftsmessig varmebehandla. Sjukdomsutbrotet førte til avliving av over 6,5 millionar dyr og hadde ein estimert kostnad på om lag 6 milliardar GBP berre i Storbritannia. Matvarer frå utlandet kan og innehalde salmonellabakterier som smittar både dyr og menneske. Salmonella i matvarer kan gi salmonellose, og dei fleste tilfella av salmonellose i Noreg skuldast opphald i utlandet (kjelde: FHI).

 

Smitte i menneske kan skje om ein besøker land med anna smittestatus og blir smitta under opphaldet. Sjukdomen er då ein zoonose som kan smitte mellom dyr og menneske. Rapporten viser til LA-MRSA hos gris som er særs vanleg i Europa, men som har låg førekomst i Noreg grunna systematisk overvaking og smitteførebyggande tiltak. Årsaka til vi ikkje ynskjer sjukdomen hos gris er for å ta omsyn til folkehelsa. I Noreg har det ikkje vore påvist MRSA hos gris sidan 2019. I Danmark har 90 prosent av svinebesetningane testa positivt for LA-MRSA smitte i undersøkte besetningar. Andre zoonoser som kan trua dyrehelsa og folkehelsa er salmonella og tuberkulose.  

 

Smitte  menneske kan skje ved kontakt med material som inneheld smittestoff, til dømes mjølk, kjøtt eller kontakt med smitta dyr og dyrehald. Smitte på menneske kan bidra til spreiing av ein rekke alvorlege dyresjukdomar. Smitteoverføring kan vera direkte kontakt med smitta dyr og dyrehald, eller ved indirekte kontakt i områder med smitte. Det kan skje ved vandring, jakt, camping eller anna ferdsel. For at smitte på menneske skal kunne skje, må smittestoffet overleva og vera smittsamt ved kontakt med dyr. Nokre sjukdomar har særs god evne til å overleva i biologisk materiale. Det er vist at Afrikansk svinepest kan overleva over 1000 dagar i fryst kjøt!

Korleis unngå smitte?

Det er fleire tiltak vi kan gjera for å unngå smitteoverføring frå menneske til dyr. Skal du til utlandet er det viktig å vera aktsam om du skal besøke dyrehald og følgje gode smittevernrutinar der du er. Klede, sko eller utstyr som er brukt i utanlandske dyrehald skal ikkje brukast i norske dyrehald. Unngå direkte kontakt med dyr (husdyr, villdyr eller kjæledyr) som potensielt kan vera smitteberar av alvorleg sjukdom.

Mattilsynet har informasjon om import av mat frå EU og EØS. Ver merksam på eigne regler for å ta med mat frå områder med utbrot av alvorleg, smittsam dyresjukdom! Ta med mat fra EU/EØS | Mattilsynet

 

Vi viser til Mattilsynet sine føringar for smittevernsrutinar og lenke til karenstid ved utenlandsopphald

  • Dusj og klesskift: Alltid før du går inn i eit anlegg med dyr i Noreg etter utenlandsopphald
  • 48 timar karenstid: Etter kontakt med klauvdyr eller fjørfe i utlandet (også om dei virker friske)
  • 72 timar karenstid: Etter kontakt med klauvdyr eller fjørfe i land men alvorleg smittsam dyresjukdom
  • 5 dagar karenstid: Etter opphald i områder med munn- og klauvsjuke, før kontakt med mottakelege dyr i Noreg
  • 1 veke karenstid: Etter kontakt med dyr med munn- og klauvsjuke, før kontakt med mottakelege dyr i Noreg

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.