Kva er ei god mentorordning i veterinærtenesta?

Den Norske Veterinærforening vil utvikle ei god mentorordning for å rekruttere og behalde veterinærar til stordyrpraksis. Foto: Janne Breivik

Den Norske Veterinærforening (DNV) har etablert eit mentorprosjekt for å auke rekruttering av veterinærar til produksjonsdyrpraksis. No ynskjer dei innspel frå alle sektorar i landbruket for å utvikle ei god mentorordning.

Publisert 03.09.2024

Mentorordninga er eit pilotprosjekt finansiert av Landbruks- og matdepartementet (LMD). Formålet er å betre veterinærdekninga for produksjonsdyr og deltaking i vaktordninga. 

Bakgrunn for mentorordning

Det er utfordringar med å rekruttere og behalde veterinærar til stordyrproduksjon, spesielt i distrikta. Ei gruppe sett ned av LMD har hatt ein grundig gjennomgang av tilgang på veterinærtenester i Noreg. Gruppa utarbeida ein rapport med liste over 21 tiltak til vurdering for å imøtekomma utfordringane. Lenke til rapporten er lagd ved i saka. 

Mentorprosjektet vil ta for seg tre av desse tiltaka:

  • Utvikle eit opplegg for ei mentorordning i distrikta
  • Etablere eit system for ekstern utplassering under studietida
  • Vurdere kurstilbod og - behov blant produksjonsdyrpraktikarar

Prosjektet skal bidra til å senke terskelen for veterinærar til å arbeide med produksjonsdyr, og gje "ferske" praktikarar ein mjuk start. Det er håp om at ein god start og eit godt fellesskap aukar trivselen og sannsyn for at veterinæren blir verande. 

Korleis gje innspel?

Mentorprosjektet har ein eigen nettstad der ein kan gje innspel. Den finn du ved å følgje lenka her: Innspel til mentorordninga

Veterinærforeninga håpar på at du ynskjer å bruka portalen aktivt. Her er det lagt til rette for dialog mellom sektorar. Du kan skrive inn ditt eller dykkar innspel om kva ein mentorordning bør innebere, og kva utfordringar dykk har relatert til veterinærdekninga. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.