Ekte sauemangfald i Vindafjord – elleve rasar på eit bruk
Bevaringsverdige norske sauerasar er i medvind. Ingen av dei er lenger kritisk truga. Gardbrukar Arve Bakkedal frå Vindafjord bidrar til dette. Bakkedal har elleve av dei tolv nasjonale sauerasane i sin saueflokk. Fem av dei er bevaringsverdige.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Har du høyrt om blæset, dala, fuglestadbrogete, grå trønder, rygja og steiga? Les vidare så kan du snart svare ja på det.
Sauemangfald i Sandeid
Noreg har tolv nasjonale sauerasane. I ein flokk på om lag 40 sauer har Arve Bakkedal i Sandeid imponerande elleve raser, og fem av dei er bevaringsverdige. Vi har seks slike sauerasar i Noreg: blæset, dala, fuglestadbrogete, grå trønder, rygja og steigar.
Den siste grå trøndersauen blei redda frå ein slaktebil i Telemark i 1992. I dag finst rundt 2000 søyer av rasen som er kjend for å ha særs fin ull. I vår fekk 12 søyer av grå trøndersau 28 lam hjå Arve Bakkadal i Vindafjord. Rasen grå trøndersau oppstod da den gamalnorske sauen blei kryssa med tautersauen som i dag er utdøydd.
Saueflokken til Bakkadal er om sumaren på beite i dei frodige fjelltraktene kring Røldal, 900 – 1400 m.o.h.
Genetisk mangfald
I Noreg blir det for storfe, sau, geit og hest gitt produksjonstilskot i jordbruket til 16 nasjonale rasar. Det er ei viktig ordning i arbeidet for bevaring og berekraftig bruk av nasjonale genressursar innan husdyr. Omgrepet «genetiske ressurser» uttrykk at genetisk mangfald er ein ressurs for framtidig seleksjon, utvikling og målretta bruk av dette mangfaldet.
Her kan du lese meir om den ekte mangfald sauebonden i Vindafjord
Kjelde: Nibio
Truga husdyrrasar
Noreg har 49 nasjonale husdyrrasar fordelt på ti artar. 37 av dei er rekna som bevaringsverdige, som vil seie at dei er truga eller kritisk truga.
Nasjonale sauerasar
I Noreg er seks sauerasar rekna som nasjonale og truga: blæset sau, dalasau, fuglestadbrogete sau, grå trøndersau, rygjasau og steigarsau.
Gamalnorsk spælsau, gamalnorsk sau og Norsk pelssau er og nasjonale rasar, men dei er ikkje sårbare eller truga.