Møte om kunnskapsgrunnlaget for revisjon av gjødselvareforskrifta
Onsdag 23. mai heldt Fylkesmannen møte om kunnskapsgrunnlaget for revisjon av gjødselvareforskrifta. Seniorforskar Anne Falk Øgaard snakka om fosfor og samanhengen mellom gjødsling, avling og avrenning, medan seniorforskar Lars Nesheim snakka om husdyrgjødsel.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Jordbruksnæringa var godt representert då faggrunnlaget for gjødselvareforskrifta stod på dagsorden. Den lenge pågåande revisjonen av regelverket skaper engasjement i husdyrfylket Rogaland. Noko anna er ikkje å vente sidan signaliserte innstrammingar av spreiearealkrava for husdyrgjødsel vil gi store konsekvensar for både bønder og landbruksbasert næringsliv. Faktabasert kunnskap må ligge i botn nå i revisjonsprosessen, og dei frammøtte fekk eit lite fagdrypp på tema natur, fosfor, nitrogen og husdyrgjødsel. Vedlagt finn de kopi av lysarka som blei brukte i møtet.
Konsekvensar for vatn og natur
Fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen og ass. fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen orienterte om miljøaspektet i revisjonsarbeidet . Noreg og Rogaland har mange vassdrag som ikkje har god nok tilstand målt etter føringane i vassforskrifta. I tillegg er det viktig å ta vare på biologisk mangfald. Nokre av dei mest trua plantene i Rogaland finn vi i ugjødsla beitemark, naturbeitemark.
Fosfor – samanheng mellom gjødsling, avling og avrenning
Fosfor er eit heilt nødvendig næringsstoff for både folk, planter og dyr. Utfordringa er når fosfor hamnar i vassdrag og skaper algeoppblomstring. Anne Falk Øgaard i NIBIO har i mange år forska på temaet. Ho forklarte samanhengen mellom fosfor i jord og faren for tap til vassdrag, samt samanhengen mellom plantene sitt behov og jorda si evne til å forsyne plantene med næringsstoff. Forsøk viser at jord med høgt fosforinnhald gir god grasavling utan fosforgjødsling.
Husdyrgjødsel
Lars Nesheim gav ein oversikt over næringsinnhald, lagerbehov og gjødseleffekt av husdyrgjødsel. Han viste og ei oversikt over kor mykje fosfor som blir tatt opp i avling. Til dømes vil ei grasavling på 1000 kg tørrstoff føre bort mellom 2,5 og 3,5 kg fosfor per dekar. Behov for auka lagerkapasitet for husdyrgjødsel fekk mykje merksemd etter vekstsesongen 2017. Dei som vil vite meir om dimensjonering av lager kan sjå Nesheim sine lysark. Her er tonn gjødselproduksjon for ulike husdyrslag ved ulikt tørrstoffinnhald sett opp.
Konsekvensar for Rogaland
Både Fylkesmannen og NLR Rogaland tok opp konsekvensar av dei endringane i regelverk som ligg føre. Helga Hellesø, dagleg leiar i NLR Rogaland, viste til høge avlingstal som fjernar ein god del fosfor bort med avling.
Vi er på rett veg, og vi står saman om utfordringane
Det blei oppsummert med at det er gjort ein god innsats for å få fosfortal i jorda på rett veg, men at det vil ta lang tid å få vasskvaliteten på ønska nivå. Endringar i regelverk vil gi nye utfordringar, men det vil også gi meir fokus på husdyrgjødsel som ressurs. Semje og felles kunnskap gir det beste grunnlaget for å løyse utfordringane.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66