Ny gjødselvareforskrift kjem ikkje på høyring i mars
Ei arbeidsgruppe skal i mars levere forslag til ny gjødselvareforskrift til Landbruks- og matdepartementet og til Klima- og miljødepartementet. No startar det departementale arbeidet, og det kan framleis kan gå tid før vi får ei ny forskrift på høyring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Lokal forskrift
Kommunane i Jæren vannområde tar i desse dagar stilling til om dei skal sende lokal forskrift på høyring. Utkast til lokal forskrift inneheld ei innskjerping av bøndene sin moglegheit til å spreie husdyrgjødsel ved bruk av nedmolding etter 1. september.
I ein avisartikkel i Stavanger Aftenblad 9. mars kom det fram at bøndene trur det kjem ny nasjonal forskrift på høyring i mars 2018, og at dei difor ikkje synes det er nødvendig med lokal forskrift.
Langdryg prosess
Forskrift om organisk gjødsel har vore under revisjon sidan 2009. I 2016 blei det satt saman ei arbeidsgruppe beståande av Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet. Dei vil levere eit utkast til ny forskrift 15. mars 2018. Fylkesmannen i Rogaland har fått signal om at det vil kome parallelle forslag til bestemmingar på sentrale punkt der det er motstridande omsyn til miljø og landbruk.
Utkastet blir levert til Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet. Det er oppretta ei departemental styringsgruppe. Departementa må ta stilling til arbeidsgruppa sitt utkast. Når dei er samde vil utkast til ny forskrift bli sendt ut på høyring. Opphaveleg mål var at ny forskrift skulle verke frå 2018. Den fristen er overskriden.
Fylkesmannen ber kommunane om å ta utgangspunkt i dagens regelverk
Erfaringa sidan 2009 viser at det er store politiske spenningar knytt til forskrifta. Det er å vente sidan endringar på sentrale område vil gi store verknader for jordbruket i Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland har gjentatte gonger spelt inn ønske om snarleg avklaring. Vi innser samstundes at konfliktfylte avklaringar tek tid.
No skal kommunane ta stilling til om dei skal sende lokal forskrift ut på høyring. Vi ber dei om å ta utgangspunkt i at det kan ta tid før dagens regelverk blir endra.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66