Våren i Rogaland viser seg frå si beste side
Mai kom og viser seg skjønn og mild. Det er med glede vi ser at graset gror, og at småfe og storfe får kome ut på beite. Bøndene har snart lagt eit tøft fôrår bak seg, og vi er nok mange som håper på ein god vekstsesong i 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kan bli tidleg førsteslått
Det er godt å sjå at mykje av enga har klart seg gjennom frosten som var tidlegare i vår, og at husdyrgjødsla er spreidd på gunstig tidspunkt i tidleg vekstfase. Det ser ut til å gå mot ein normal førsteslått, for nokon truleg allereie i slutten av mai.
Samstundes kan vi registrere ein del fornying av eng. Mange har i år gode forhold for slikt arbeid, med ein tørrare vår enn det som er normalt. Det kan kome godt med etter vekstsesongen som vi opplevde i 2017.
Rett bruk av husdyrgjødsel er god økonomi
Det å bruke mesteparten av husdyrgjødsla om våren og etter første slått er gir best agronomi og økonomi, og gir også minst avrenning i vassdrag. Det er i desse dagar stort fokus på aktuelt nytt regelverk knyta til bruk av husdyrgjødsel, og det er då positivt å sjå at mange bønder blir meir medvitne i bruken av gjødsla som ressurs. Mange har investert i nytt gjødsellager, og stadig fleire nyttar nedlegging/nedfelling som spreiemetode.
Eit normalår ville vore godt
Det er bra med ein god start på vekstsesongen, men vel så viktig blir veret under innhausting. Vi kan nærmast sei at godt vêr er like viktig som eit godt jordbruksoppgjer, livet som bonde er aldri utan spenning.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13