Godt grovfôrår for Rogalandsbonden
Sommaren i Noreg har vore prega av tørke på austlandet og mykje regn på vestlandet. Rogaland har fått smaka litt på begge variantar, utan det har gitt noko krise for grasproduksjonen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På Jæren og ytre strøk har det ikkje vore meir nedbør enn kva som må til på lett jord, og dimed har det vore tørketendensar enkelte stadar. Indre strok, spesielt Haugalandet, har hatt meir nedbør enn kva som er normalt.
NLR Rogaland rapporterer om god avling. Kvaliteten vil vera av varierande kvalitet grunna vêrforhold og slåttetidspunkt. På Haugalandet har bonden hatt korte tidsvindauge til å slå graset på grunn av mykje regn. NLR mistenker betydeleg utvasking av næringsstoff, noko som i kombinasjon med moderat gjødsling som følgje av høge gjødselprisar, kan ha påverka avlinga. Det er observert fleire enger i bygdene med gulskjær og redusert attvekst mot andreslått. Dei som tok fyrsteslåtten pinsehelga, har særs god grovfôrkvalitet. Etterpå blei det verre, og nokon måtte justera seg inn frå 3-slåttsregime til 2-slåttregime når det blei for bløytt til å koma seg utpå.
Sommarvêret på Jæren har gitt god grasvekst, men nokre stadar der jorda er lett, har det vore tørketendensar. Jamt over har forholda vore bra for god grasvekst og fortørk av slått, og gode innhaustingsforhold. Vi kan notere nok eit godt gras-år for Rogaland.
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85