Kurs i marknadshage hausten 2022

Reiskap til småskala grønsaksproduksjon. Foto: Annabell Pfluger

Skal du drive småskala grønsaksdyrking for sal? Da bør du melde deg på dette 4-dagars kurset!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2022

Kurset passar for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, og som nå ønsker å satse seriøst på sal av eigenproduserte grønsaker. Du som har drive grønsaksproduksjon i nokre år og som vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg, vil også få godt utbytte av kurset.

Kurshaldar er Hans Gaffke, NLR Øst. Det blir innlegg ved fleire dyrkarar.

Program

Her er førebels program, meir detaljar kjem. Kurset blir heldt på Særheim.

19. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Val av dyrkingsopplegg.
  • Etablering av marknadshage.
  • Vekstskifte, fangvekstar, husdyrgjødsel, grøngjødsling.

20. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Marknadshage – arbeid gjennom sesongen.

9. november 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Små kulturar på friland og uoppvarma tunnel.

10. november 2022. Klokka 9:00-14:30

  • Planlegging, økonomi.

Kurshaldar Hans Gaffke er utdanna hagebrukskandidat fra Ås, og er tilsett i NLR Øst. I over 25 år har han jobba med å formidle kunnskap om økologisk landbruk og hagebruk til bønder og gartnare.

Praktisk informasjon

Du melder deg på ved å fylle ut skjema som du finn på heimesida til NLR Rogaland. Påmelding innan 3. oktober. 
Stad: Særheim (meir informasjon kjem)
Pris: Medlem i NLR kr. 2200,-. Ikkje medlem kr 3000,-.
Arrangør: Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Ved spørsmål, ta kontakt med Ane Harestad på tlf. 94164528 eller ane.harestad@nlr.no.

Om dyrkingskonseptet marknadshage

Dyrkingskonseptet marknadshage er ei arbeidsintensiv dyrking av vekstar på avgrensa areal med høg marknadsverdi til direkte og/eller lokal omsetnad.

Typiske kjenneteikn for marknadshage: Dyrking på faste bed. Stort mangfald av vekstar, som gjerne er rasktveksande. Heller planteoppal framføre direkte såing. Høg jordfruktbarhet. Høg plantetetthet. Minimert jordarbeiding. Lågt / moderat investeringsbehov.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.