Gå ikkje glipp av Agrovisjon 2019

1.-3. november er det tid for Agrovisjon 2019. Her blir det utstillingar med landbruksmaskinar og reiskap, konferansar og ikkje minst tid til å møte andre i næringa.   

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.10.2019

Matnæringa er viktig

Kva er meir naturleg enn landbruksmesse i Rogaland? Heile næringa inviterer til ein av dei største møteplassane i landet innan landbruk. Det blir mogleg å oppdatere seg både fagleg og teknologisk. 

Sosial møteplass

Agrovisjon er også ein sosial arena med både festmiddag og bondepub. Så inviter gjerne med nokon til Stavanger forum denne helga!

Dyrehelse på dagsorden 

Fylkesmannen er medarrangør til eit fagseminar om dyrehelse: Bli tryggare på dyrevelferd

2. November, Stavanger Forum
Kl. 10.00 – 15.00. 
Gratis inngang.

Bransjen inviterer alle husdyrbønder til dyrevelferdsseminar laurdag 2. november under Agrovisjon. Målet er å gjere bøndene tryggare på dyrevelferd, fordi friskare dyr gir høgare kvalitet.

Tre år til neste gong

Agrovisjon blir heldt kvart tredje år, og i 2016 var det over 14 000 besøkande.

Agrovisjon blei organisert som eit samvirkeselskap i 2012 med Felleskjøpet Rogaland Agder, Prima gruppen AS, Bryne Landbruksservice og Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Rogaland som eigarar. I 2014 kom også Fatland Jæren, Rogaland Landbruksselskap, Nortura SA og Norges Bondelag inn som andelseigarar. I 2015 blei også Sparebank 1, SR-bank andelseigar i selskapet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lenker