Vil du jobbe med berekraftig jordbruk – bli med på laget!

Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda.
Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda. Foto: May Kristin Lofthus.

Rogaland er eit kraftfullt matfylke med stor husdyrproduksjon, og god bruk av jord- og beiteressursane er viktig. Vi ser etter deg som har lyst til å arbeide breitt med jordbruksforvaltning. Stillinga inneberer både tilskotsforvaltning og fagleg støtte til kommunane. Kulturlandskap, nydyrking, gjødselbrukforskrift og ivaretaking av miljøverdiar i kulturlandskapet er fagområde som ligg til stillinga. Vi treng deg som har kompetanse innan jord- og plantevitskap og som kjenner landbruket.

Publisert 07.05.2025

Jorda ein viktig ressurs

Rogaland er eit særs aktivt jordbruksfylke, med stor konkurranse om areala. Vi har i oppgåve å finne gode løysingar i balansen mellom nasjonal politikk og lokale interesser, i god dialog med jordbruksnæringa. Vi har eit lovverk å forvalte, men like viktig er det å formidle kvifor vi må ta vare på naturmangfaldet og samstundes sikre bonden grunnlag for matproduksjon. Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver i dialog med næringa og kommunar. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.

Ta kontakt

Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Monica Dahlmo eller ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes.

Me snakkast!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.